Snowboarder som kjører i puddersnø

Toppturar

Haukelifjell er eit eldorado for toppturar i alle vanskegradar, alt frå fine nybyrjar-venlege turar til meir avanserte turar og bratte renner.

Haukelifjell er eit eldorado for toppturar i alle vanskegradar, alt frå fine nybyrjar-venlege turar til meir avanserte turar og bratte renner. Her byrjar sesongen i desember/januar og varer langt ut i mai, så for den som er glad i toppturar er det mogleg å rekke fleire turar i løpet av vinteren.

Foto: Håkon Aarthun

Haukeliseter Fjellstue er eit godt utgangspunkt for turar på fjellski eller randonèe og splitboard. Populære turar er til dømes Kista eller Vesle Nup. I området rundt Haukelitunellen er Verjesteinsnuten og Stavsnuten fine turar som er enkle å kome seg til frå parkering langs E-134.

Her kan lese meir om populære toppturar på Haukelifjell.

Foto: Håkon Aarthun

Toppturkurs og skredkurs

Kva vinter arrangerar Haukeliseter fleire kurs inna skredsikkerhet, samt kurs med teknikktrening for frikøyring. Du kan òg vere med på fellestur på Haukeliseter Fjellfestival i mai.
I tillegg arrangeras det kvart år ei eige toppturhelg for jenter!

Følg med i arrangementskalenderen for kurs og andre arrangement!

Ta kloke val, og følg alltid med på skredvarsling på varsom.no.

Du kan også drøyme deg bort heimanifrå via webcam.

Skikjører på fjellet i sola
Facebook
Twitter
Email
Print
nn_NO