Snoskuterkøyring
Kva med ein snoskuter safari når du er på Haukeli? Vinje kommune er ein av få kommunar i Noreg som har eit eige løypenett for fritidskøyring med snoskuter. Du trenger ikkje å bu i Vinje for å kunne nytte seg av løypenettet, men ein må ha eit personleg køyreløyve og ein må vera medlem av ein av skuterklubbane. Haukeli sin lokale skuterklubb heiter Hauk skuterklubb. Køyreløyva som kan bli gitt for fritidskøyring i snoskuter løypenettet er årsløyve, døgnløyve, løyve til grunneigar og turistløyve.