Du finn 65 km preparerte langrennsløyper i flott natur i Haukeliområdet

Løypekart frå skisporet.no


Haukeli kan by på flotte løyper for tur og trening.

I Haukeli har me milevis med flotte langrennsløyper i variera terreng. Løypekøyrerane er tidlig oppe for at du skal få ei flott oppleving!

Du finn langrennsløyper på høgfjellet og i skogen.

Det er lysløype både i Vågslid og på Edland, slik at du òg kan gå om kvelden. For oppdatera løypeinfo, sjå kart nedanfor og følg facebookgruppa Løypeinfo Vågslid.

Store område

Det mest omfattande løypenettet ligg på vestsida av E-134, mellom Tyrvelid og Botn, og områda innover Fossen og Åmlinuten. Her er det mange ulike sløyfer å velje i mellom, både korte og lange.

Høgfjellsløypene startar frå skisenteret og frå toppen av Haukeliheisen (T-kroken), og går i retning Haukeliseter. Grunna omsyn til villreintrekket er det ikkje gjeve tillating til å preppe heilt fram til Haukeliseter. Difor stoppar løypa på toppen av Kreklingdyrskar, herifrå er det stikka løype vidare. I påska derimot, preppar dei heilt fram til Haukeliseter.

Edland/Haukeli

Her er det eit fint område med velpreparerte løyper nede i sentrum. Løypene ligg hovudsakleg sør for elva, Kjela, som renn gjennom området. Løypene kan nyttast til både skøyting og klassisk stil. I store delar av løypa er det ljos kvar kveld fram til kl. 22:00.

Desse løypene går i skogsterreng. Dei er variera og gjev utfordringar til alle skiløperar. Du kan starte frå skianlegget på Sundflaten, der det òg er slalombakke og klubbhus for I.L. Rein. Ta av frå E-134 ved Velemoen Camping.
Eit anna alternativ er å starte frå Edland skule. Der kan du kombinere skituren med å nytte symjehall, badstue og dusj om kveldane på måndagar, onsdagar, fredagar og laurdagar. Ljosløypa i Edland er 5 km. Den vert preparert ved behov, men mest i vekedagane då den vert nytta til skirenn og skitrening.

Følg med for oppdatert info på skisporet.no

GOD TUR!


Image
Image