OPPLEV
på Haukeli
Om vinteren er løypene og moglegheitane mange! På ski kan ein boltre seg i langrennsløyper, lysløyper, løyper på høgfjellet, fjellski, toppturar, samt alpint og snowboard i skisenteret. Det vert òg arrangert toppturar med guide, og ein kan leige randonèe-utstyr i skiutleiga.
Mange vil prøve nye aktivitetar som hundespannkøyring og isfiske. I helgene vert det arrangert kurs i mellom anna kiting og skredsikkerheit. På kveldstid kan ein nyte god mat på ein av dei mange serveringsstadane eller vere med på quiz og konsertar. Kanskje freistar det med eit Villmarksspa etter ein lang dag ute?
Opplevingar

HAUKELIFJELL SKISENTER
Barnevennlege bakkar og herlege off- piste moglegheiter for dei som vil prøve deg utanfor preparera løyper.

HAUKELISETER FJELLSTUE
Merka turstiar, kvista langrennsløyper, kitekurs heile vinteren, villmarkspa, bakeri og mykje meir.

VILLMARKSSPA
Et villmarksspa beståande av vedfyrt badestamp og ei badstue med panoramautsikt over den vakre naturen.

SNOSKUTERKØYRING
Opplev den mektige naturen med snoskuter. Her finns løyve og områder for snoskuterkøyring.

FJELLSKITURAR
For den som ynskjer å kome seg opp på høgfjellet, kan det anbefalast med fjellski i upreparerte løyper berre markera med kvistar.

HUNDEKØYRING
Opplev hundekøyring og ekte villmarksopplevelsar med Haukeli Husky.
Hardangervidda
Hardangervidda er Nord- Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark. Dette er eit verdifullt høgfjellsområde med eit mangfald av plante- og dyreliv, og er eit populær område for rekreasjon og friluftsliv.
Fin fjellaure i talrike vatn og vassdrag gjer Hardangervidda særleg populær blant fiskarar. Nasjonalparken er viktig som tilhaldsstad for Europas største villreinstamme, og den sørlegaste utposten for mang arter av arktiske planter og dyr, blant anna fjellrev og snøugle. Områda er også eit svært attraktivt område for fotturar og mange stiar er merka av Den Norske Turistforening. Det er fleire innfallsportar til Hardangervidda frå Haukelifjell.