Om verksemda

I løpet av nokre månader i 2017 vart tidlegare Vinje Gardsmat eller Bøgrendsbui trylla om til eit produksjonslokale for øl, med utsal og pub. Fire personar jobba på dugnad for å starte bryggeriet og klarte å stable på plass ein god kundekrins og fleire øltyper i løpet av det fyrste året.

Sidan starten av 2018 gjekk bedrifta over til å bli ei tomannsbedrift, og drivast no av Sonja og Anders Sandvik frå Vinje. Produksjonen er i stor grad handverk og manuelt arbeid, noko som gjev den karakteristiske variasjonen som ofte kjenneteikner øl frå små bryggeri.

Vinje bryggeri er fyrst og fremst eit produksjonslokale, men har hatt stor suksess med månadlege arrangement i puben som ein etterlengta treffstad for bygdefolk og hyttefolk. Konsertar, quiz og fotballpub har samla bra med folk og gode augneblinkar! Den nynorske profilen til Vinje bryggeri speglast ikkje berre i etiketten på flaska. Også på scena ynskjer me å ha ein stor andel artistar som på ein eller annan måte identifiserer seg med nynorsk.

Vel møtt!