lørdag 30. november, kl 20:00

Konsert: Tom Roger Aadland, solo

Tom Roger Aadland avsluttar turneen sin på Vinje bryggeri!
Han har blitt omtalt som «ein tekstforfattar av stort format» og «ein melodisnekker av dei sjeldne». Nå kjem Bob Dylan-tolkaren og rockepoeten Tom Roger Aadland til Vinje bryggeri i Bøgrend.

Det nye albumet Songfugl har blitt karakterisert som hans mest standhaftige og sjølvsikre – og emosjonelle, og har fått strålande kritikkar. «Imponerende overbevisende», er VGs kommentar, mens Fædrelandsvennen kallar Aadland «en av våre største rockepoeter» og meiner «Songfugl» er hans beste album til nå. Singelen «Alle dei i ei» blei raskt spelelista av NRK P1.

Tom Roger Aadland styrkar stadig inntrykket av å vere blant landets beste tekstforfattarar. Albumet Blondt i blondt (Bob Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta) blei rost opp i skyene av kritikarane og kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk i 2016. Same år var han mannen bak mange av tekstane på Hellbillies’ albumsuksess «Søvnlaus».

På «Songfugl» viser Aadland at han også har teft for gode melodiar. Han er frå før av kjent for radiolåtar som «Min beste ven på ein dårleg dag», «Like til mi dør» og «Eg må ha deg».

Billettar kjøper du HER.

Datolørdag 30. november
Tidspunktkl 20:00