Då Odd Nordstoga spela på heimebane

Odd drog ei to-dagars konsertoppleving for fastbuande og deltidsbebuarar i Vinje 27. Og 28. septmeber.

Fullt hus

Det var vel ny rekord på billettsalet før konserten. På berre ein time vart billettane for fredagen rive vekk. Folk var alldeles i villreie – Odd ville dei sjå på heimebane! Heldigvis ordna det seg slik at Odd sa seg viljug til å spele ein ekstrakonsert på laurdagen òg!

Slagerkavalkade og elgjakt

Hovudpersonen sjølv hadde fått inn ynskje om ein slagerkavalkade, og slagerar blei det! Både nye og gamle songar vart sunge. Det var alt frå solosong til allsong. Odd spela gitar, trekkspel, munnspel og tromme – dei tre sistnemnde samtidig! Ein drygt god musikant, der altså.
Det hadde seg no slik at songaren sjølv skulle, som så mange andre, på elgjakt denne helga. Då vart det sjølvsagt litt prat om jakta, og kanskje var det nokon som nynna litt ekstra på Odd sine songar på jakt dagen etterpå.

Dei rundt 90 som var samla på kvar av desse kveldane på Bryggeriet, fekk ei heilt spesiell oppleving med lokalt øl og Ødd på heimebane.

Me gler oss til neste konsert på Vinje Bryggeri!