Brygging av øl på Vinje Bryggeri

Her kjem ein kort introduksjon til korleis Vinje Bryggeri bryggar ølet sitt! Gode smakar og spanande konsertopplevingar gjer det vel verd å ta turen til Vinje Bryggeri ein kveld dei har arrangement på timeplanen. 
Ellers har bryggeriet ope ølutsal på fredagar frå kl. 15:00 – 19:00. Då treff du som regel ein av driverane som meir enn gjerne vil slå av ein prat om historia bak øla deira.

Bryggeprosessen

Bygg som er malta (spira korn og turka) er det kornslaget me i hovudsak brukar til ølbrygging. I tillegg brukast kveite, rug og havre i mindre mengder. Sukkeret får me ut av kornet ved å legge det i bløyt i varmt vatn og sile det av etter 1 time. Denne prosessen heiter mesking. Så sit me att med ein gyllen og brun vørter som skal kokast. Det er mengde med korn som avgjer kor høg sukkerkonsentrasjonen blir i denne prosessen og dermed bestemmer alkoholstyrken på det ferdige ølet. Det våte kornet leverast som dyrefor til firbeinte rundt om på gardene i Vinje, iblant til kyrne på Haukabø.

Bryggeprosessen går vidare ut på at den søte vørteren kokar i 1 time. Det er blant anna no ein kan tilsetje humle som gjev både bitterhet og aroma til det ferdige ølet. Under kokinga løysast det opp smaksstoff og lupolinolje frå humlene. Nokre oppskrifter har store mengder humle, medan det i andre øl er meir preg av malten og mindre bitterstoff. Det dampar godt i rommet når alt er på kok. Ei særeigen lukt i og utanfor bryggeriet!

Vørteren kjølast av og pumpas over på gjæringskar. Ein halvkilo gjær gjer jobben med å omdanne sukkeret til alkohol. Dess høgare sukkerkonsentrasjonen var i den tidlegare prosessen, dess meir alkohol får ølet til slutt. Rester av gjæren lever vidare når ølet blir tappa på flasker og kegs. Etter nokre veker på flaske har ølet fått både kolsyre og rikare smak.