Vegarbeid på E-134 over Haukelifjell i sommar

Vågslitunnelen og Haukelitunnelen er under utbetring, og dette vil føre til ein del venting for trafikantane grunna vegarbeid på E-134 over Haukelifjell i sommar (og til neste år). 

Vågslidtunnelen

Vegarbeidet i Vågslidtunnelen (lengde: 1.6 km) startar 15.06., og skal etter planen vere ferdig inna utgangen av 2021 (jippi!).

Tunnelen er stengd for all trafikk mellom kl. 23:00-10:00.

Tunge køyretøy (over 3.5 tonn) kan køyre kolonne gjennom tunellen mellom kl. 10:00-23:00.
Dei slepp òg gjennon ei kolonne kvar veg om lag kl.23:00 og 01:30 om nettane for tungtransport.

Lette køyretøy (under 3.5 tonn) kan heile døgnet køyre omkøyringsvegen rundt tunnelen i kolonne.

Haukelitunnelen

Haukelitunnelen er heilt stengd for trafikk om sommaren, og all trafikk blir dirigert i kolonner rundt tunnelen over Dyrskar heile døgnet.

Litt kjipt, men kanskje og litt fint?

Det kan vere ergeleg at ein må vente i kolonne-kø. Ventetida kan vere alt frå 5 min til 1 time. For at ikkje køyreturen skal bli ei muggen oppleving, så er det lurt å berekne god til over fjellet! Ta med deg litt ekstra mat og drikke, kanskje? Til dømes kan du stoppe på Esso i Haukeli og få deg ein soft-is eller ein slush før du køyrer over? Eller reise innom Haukeliseter Fjellstue og kjøpe med deg dagsfersk bakst frå Bakeri Nansen?

Vegane rundt tunnelane er smale og snirklete med kjempefin utsikt som ein sjeldan ser når ein durar gjennom tunnelane elles! Nyt utsikta og naturen når du køyrer over!

Til sist; køyr varsamt, vis omsyn når du køyrer forbi kolonne-kø – plutselig kan det sprette folk ut i vegen mellom bilane. Følg anvisningane til trafikkdirigentane og generelt; ver ein god og tålmodig medtrafikant!

God tur og god sommar! 

Omkøyringsvegen rundt Vågslidtunnelen, her utan bil 🙂 Foto: Mona Kasin