Haukeliseter E-134 sommer

Vegarbeid over Haukelifjell 2022

Facebook
Twitter
Email
Print

Det blir også i sommar vegarbeid og kolonnekøyring over Haukelifjell rundt Vågslidtunnellen og Haukelitunnellen over Dyrskar. Oppstart er 15.juni.

Inga nattestenging

Det blir trafikkavvikling med kolonnekøyring heile døgnet, og ikkje nattestenging som fyrst varsla.

– Det betyr at det blir kolonnekøyring heile døgnet over Haukelifjell, både ved Vågslid og over Dyrskar. Dette gjeld for alle køyretøy, sier prosjektleder Stig Berg-Thomassen.

Det kan stå att noko arbeid som kan resultere i stengning enkelte netter. Dette vil verte varsla via Vegtrafikksentralen. Sjølv om det nå ikkje vert nattestengd, oppfordrar Statens vegvesen trafikantane til førebu seg på noko ventetid.

  • Planlegg turen og reis tidleg på dagen. Trafikken hopar seg erfaringsmessig opp frå 12:00-tida og ut over dagen.
  • Ta med ekstra drikke og niste.
  • Følg rettleiing frå trafikkdirigentane.
  • Ver tålmodig, ta deg god tid.
  • Køyr varsamt og hold avstand.
Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
nn_NO