Vanskelege forhold for villreinen i vinter

Nokon har kanskje sett meir villrein i «låglandet» denne vinteren? Grunna dårlege beiteforhold og mykje is på høgfjellet har reinen mange stader trekt nedover i skogen.

I Bykle kommune er det innført ekstraordinær bandtvang. Dette er meldinga frå dei:

Me anmodar også folk som ferdas i fjellet i Vinje til å halde eit ekstra auge med hjortevilt denne vinteren. Dersom du ser dyr eller ferske spor, kan det vere lurt å snu og/eller halde hunden i band.

Dette biletet er teke i nærleiken av eit hyttefelt mellom Edland og Vågslid denne vinteren. Foto: Hilde Holterdal.