Turforslag: Ståvassvika

Turen til Ståvassvika på Haukeli er ein favoritt for store og små! Du fylgjer Ståvatnet fram til støylen i lettgått terreng.

 

Turen inn tar ca. 30-40 min i vanleg gange. Denne gongen starta me turen kl. 19:30. Difor kan me gå gode for at dette er ein makalaus tur å ta dersom du kjem til Haukeli på ettermiddagen/kvelden på sumaren, og ynskjer å nytte tida og naturen her fullt ut!

 

Stien startar ved den gamle Skyttarhytta. Den ligg ved E-134 mellom Haukeliseter Fjellstue og Haukelitunellen. Hytta er lett og sjå, og det er parkeringsplass der.

Skyttarhytta ved E-134

Følg stien bak hytta. I starten er stien noko uklar, men berre hald kurs ned mot vatnet etter den fyrste haugen, så vil du snart sjå ein fin sti. Denne fylgjer du heile vegen fram mot støylen.

Mange born likar denne turen, den er ikkje så lang, det er moro å sjå sau og lam og ein kan ned til vatnet og kaste stein eller prøve fiskelykka. Det er òg nokre fine, små badeplassar langs stien for dei som likar ein frisk dukkert! Ved støylen kan ein sjå utover Ståvatnet mot Haukeliseter.

Om sumaren og hausten er det sau på beite her, så hugs å hald hunden i band.

GOD TUR!