Turforslag: Klevastøylåi i Smørklepp

Turen opp langs Klevastøylåi og ned Smørklepp er ein lettgått tur i «låglandet». Her forsvinn snøen fortare enn på høgfjellet og kan difor vere ein fin tur allereie frå sein vår/tidleg sommar. Sjølv om me går litt utanom i dag, så kan denne turen kombineras med besøk til Vinje Biletgalleri.

Kor startar me?

Det kan vere fint å parkere på Mjonøy. Her er det som regel greit med parkering (kan vere litt fullt på utfartsdagar i høgsesong). Dette er ein rundtur på ca. 4 km. Kvifor Mjonøy er eit bra utgangspunkt kjem me tilbake til…

Turbeskriving
  • Frå Mjonøy går du ut på E-134 (forsiktig!!) og følger vegen ca. 100 m austover. Du kryssar ei lita bru, og på høgre side av vegen går det ein skogsbilveg opp rett etter brua.

  • Følg denne vegen ca. 1 km. På høgre side vil du sjå eit skilt som peikar ned mot ein sti.

  • No kjem du til turens høgepunkt! Ein flott hyl i Klevastøylåi der ein kan bade dersom vassføringa ikkje er for stor. Fiske kan ein òg! Fiskekort kan du kjøpe på Mjonøy.

  • Etter brua ser du to skilt. Gå på stien mellom dei to skilta.

  • Etter ca. 50 m delar stien seg. Ta då til venstre.
  • Denne stien følger du eit par hundre meter opp til ein asfaltert veg i Smørklepp. Denne vegen følger du nedover gjennom eit flott kulturlandskap!
    (PS: dersom du gjeng oppover kjem du til Vinje Biletgalleri – vel verd eit besøk!)

  • Når du kjem i botn av bakken delar vegen seg. Ta til høgre.
  • No er du ute ved E-134 igjen. Sjå til høgre bak busskuret; der er det eit skilt om sti tilbake til Mjonøy.

Kva no?

Jau, det skal me sei deg! No kan du kjøpe deg lunsj eller middag med lokale råvarer eller nyte ein draum av ein skulebolle baka i bakeriet! Det er difor det er lurt å starte/ende turen på Mjonøy!

God tur!