Toppturtips: Veslenup

Rune Aarhus, skredinstruktør og lokal skikøyrar delar nokre av sine toppturtips med deg. Denne gongen er det den populære turen til Veslenup.

Veslenup 1510 moh

Denne turen er fin å gange frå Ulevå, men du kan også starte ved Haukeliseter. Frå Ulevå har du rett over 500 høgdemeter. Som ein fyrstegangstopptur er dette eit fint alternativ. Det er relativt slakt heile vegen. Den er også mogleg å gange på fjellski. Vær obs på skavlar på toppen.

Turen gjeng i flott høgfjellsterreng. Ein må vere godt forberedt med tanke på ver og dårleg sikt som kan endre seg raskt i høgfjellet.

Utsikt sørover frå Veslenup. Foto: Fredrik Haaverstad