Toppturtips: Leirtjønnuten

Rune Aarhus, skredinstruktør (Gygra A/S) og lokal skikøyrar delar nokre av sine toppturtips med deg. Her kan han by på ein tur med mykje skogskøyring.

Leirtjønnuten 1185moh

Nesten 400 hm med skogskøyring. Eit fint alternativ på dagar med for dårleg ver lengre vest og i høgfjellet. Turen vil kreve at du tar gode vurderingar i høve skredfarleg terreng! Parkering ved Botn. Gå over vegen og fylg oppover til venstre omtrent under straumlinja eit stykke. Etterkvart bryt du oppover mot toppen. Vær obs på austflanken opp Råsanuten heilt frå Rohaugen. Her bygger det seg ofte opp store skavlar som gjeng i brot og utløyser skred under.