Toppturtips: Kjelatind

Rune Aarhus, skredinstruktør (Gygra A/S) og lokal skikøyrar, delar nokre av sine toppturtips med deg. Her kjem ein klassiker frå Haukelifjell.

Kjelatind 1476moh

Parker ved Vågslidtunnelen, vestsida om isen er trygg over Kjela. Ved Prestegård om isen ikkje er trygg. Dette er ein tur med godt over 500 høgdemeter og flott utsikt. Det er ikkje ein tur å anbefale for deg som gjeng på trugar, då det er relativt lang anmarsj både inn og ut til fjellet. Turen krev nokre vurderingar undervegs av kva som er skredfarleg terreng og ikkje. Enkelte heng og områder er brattare enn 30 grader. Dei tryggaste alternativa finn ein ved å gange ut langs Kjelavatn og opp nordsida eller mot vest og runde opp. Austsida er til dels bratt og utsett.

Dette kan vere ein svært fin vårskitur!