Vasseventyret

Velkommen til vasseventyret på Haukelifjell

Ein interaktiv opplevingssti/ turveg med aktivitetar for liten og stor som er open for alle heile sommarhalvåret. Her er vatn og vasskraft hovudtema. Vasseventyret ligger ved Arbuvollen Fjellbutikk.

Last ned miniguide (PDF)


Fakta om turvegen
  • 1,3 km lang rundtur
  • Tilrettelagt for barnevogn
  • Fyrste del av turvegen er tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Fiskeplass
  • To fine grillplassar

Historia om Sildre og vasseventyret

Du får vere med superhelten Sildre, ein glad og optimistisk vassdrope på oppdrag på Haukelifjell. Han har høyrd at det skjer mystiske ting her oppe, at plantar og fisk døyr og at hans kjære venninne Live er blitt sjuk. Nokon forureinar naturen på Haukelifjell.

Sildre har ein mistanke om kven det er, det er den berykta Vasspyren Surkula som er på ferde. Sildre må rydde oppfør det er for seint. For å vite meir om korleis det går må du gå turen på Haukelifjell.

Langs turvegen er det fleire installasjonar der du kan teste ut korleis du kan lage straum, sjå kor mykje vatn me brukar på ein dag i motsetning til dei i fattige land. Og ikkje minst kan du ha ein real vasskrig med Vasspyren Surkula.


Her blir du meir kjent med vatn og kva det er. Kvifor regner det ? Kor blir det av vatnet som renn i elva her?  
Er det alltid like mykje vatn på jordkloden?