Vandring

Haukeli er ei heilt spesiell naturperle, med særskilt mange naturkvalitetar.

Gjennom den aust-vestgående dalen langs Kjelavassdraget er det frodig og vakkert, medan det på nord- og sørsida er milevis med slake fjellvidder. Vestover langs Europaveien, møter ein Haukelifjell med idylliske vassdrag og storslege landskap.

I den vestlege delen av Haukelifjell er naturen vill, med stupbratte fjellskrentar og ekstreme fjellformasjonar.

Ny turveg på Haukelifjell

Skal du på biltur over Haukelifjell, eller kanskje ein tur på hytta i Vågslid? Ta med deg familien på ein lett rundtur langs elv og vatn ved Arbuvollen!

Den lette rundturen på 1,3 km startar ved Arbuvollen fjellbutikk. Turvegen går på grus og asfalt, og slyngar seg fint langs elva, vatnet og gjennom fjellbjørkeskogen. Du kan ta med deg barnevogn på heile runden. Med rullestol og hjelpar kjem du til både fiskeplass, utsiktspunkt og grillplass. Strekninga for rullestol går på asfalt og grus, og har ein stigning på 3 % over 500 m.

Slik kjem du til turvegen

Frå Haukeli sentrum: Følg E-134 vestover. Etter ca 16 km, ta av til venstre ved Arbuvollen Fjellbutikk før du kjem til Haukelifjell Skisenter. Her finn du ein stor parkeringsplass med gratis parkering, sesongopen kiosk med daglegvarer og toalett. Startpunkt: Turvegen startar til venstre for parkeringsplassen og går nedover bjørkeskogen. Kjem du med rullestol, følgjer du asfaltvegen til høgre for fjellbutikken ned til vatnet.

Vidda Vinn

Turvegen i Vågslid er eit tiltak i prosjektet Vidda Vinn, som er eit samarbeid mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar. Hovudmålet i prosjektet er å setje Hardangervidda nasjonalpark på kartet på ein måte som gjer at både villrein, grunneigarar og reiseliv rundt vidda vinn. Vidda Vinn er eit av femten nasjonale prosjekt i Direktoratet for naturforvaltning (DN) sitt verdiskapingsprogram for naturarven. Telemark fylkeskommune og DN finansierer prosjektet saman med kommunane. Sjå Miljøverndepartementet sin nye film om Vidda Vinn: http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/aktuelt/nyheter/2012/solstien.html?id=686586


Vel på øvste hylle av aktivitetar i Haukeli om sommaren og hausten.

Fantastiske moglegheiter for fotturar i storslått natur og talrike fiskevatn i umiddelbar nærleik

 
 
Vågslid

Fleire moglege løypeval. Du kan starte turen frå Arbuvollen, frå Vågslidvatn eller frå Øykjeli. Vågslid villmark er kjend for den ville og flotte naturen, for alle elvene, bekkane og dei mange vatna. Småkupert, men lett å ta seg fram.

Vågslid – Botnestøylen – Vågslid 2,5 time
Vågslid – Øykjeli 2,5 time
Vågslid – Fossen – Arbuvollen – Vågslid 6 timer

Moglegheitane for gåturar i området er mange! Ein kan gå korte turar, eller så er Haukeli òg eit godt utgongspunkt for lengre turar innover Hardangervidda. Mange stader er det lagt ut trimbøker ein kan skrive namnet sitt i. 
Meir informasjon om turar kan du finne på