Støylsliv

Når du er Haukeli og omegn kan du møte på mange av dei flotte husdyra som beiter i utmarka får midten av juni til slutten av september. Det fins også fleire aktive geitestøylar som er i full drift og som leverer kvalitetsmjølk til ysteriet som ligger i Haukeli.

Geitehald har lange tradisjonar i Vinje og i 1860 skreiv Aasmund Olavsson Vinje den kjende barnesongen «Blåmann». Og det vart denne songen som har gjeve inspirasjon til kommunevåpenet til Vinje kommune, som er ein geitebukk. Geita er eit lite kravstort husdyr som er til glede både for turistar, bønder, natur og brunostelskarar. Ingen ryddar landskapet slik som geitane gjer. Enkelte geitebønder opnar og støylen sin for sal av rykande fersk geitost om summaren.

I tillegg til geitebøndar har vi blant anna òg ein gard i Haukeli som driv med Angus og Høglandsfe. Les meir om Haukabø og hennar kyr på Haukabø sin nettside.

På tur i områda rundt om i Haukeli og på Haukelifjell kan ein òg møte på sau då både lokale bønder og andre beitelag slepp sauane sine ut på summarbeite i områda.

For å ta vare på husdyra som gjeng fritt minner vi om å la dei beite uforstyrra og hugs at Vinje kommune har utvida bandtvang. For meir info https://www.vinje.kommune.no/tjenester/natur-og-miljoe/utmark/bandtvang


Velg på øverste hylle av aktiviteter rundt Haukeliseter om sommeren og høsten.

Fantastiske muligheter for fotturer i storslått natur og utallige opplevelser for store og små.