Storegut

Storegut (1764-1791) blei fødd på Norigard på Edland i Vinje, og er kjend for uvanleg storleik og styrkje. Aasmund Olavsson Vinje bygde på historiane om han i diktsyklusen “Storegut” (1866).

Storegut sitt namn var Olav Olavsson Edland og blei fødd på Nordigard i Edland i 1764. Han var eldst av mange sysken. Storegut var sprek og sterk. Han levde i ei tid då dette var verdsette eigenskapar. A.O. Vinje kallar dette rett nok ei villmannstid, men likevel er det han som har gjeve Storegut «evig» liv. Storegut forsvann da han gjette i Bordalen somaren 1791 og blei aldri funne. Det seiast at han kan ha vert drepen av ein uven som han var i krangel med i et bryllaup fjorten dagar tidligare.

I 2016, under litteraturdagane i Vinje, blei det avduka ein skulptur av Storegut. Monumentet står på Edland. Skulpturen er skapt av bilethoggar Kjell Grette Christensen


Slik kjem du til monumentet av Storegut

Ta av E134 inn på rv 362/ Storegutvegen. Monumentet står ved Edland skule.