Myllarheimen

Myllarheimen i Arabygdi

I Arabygdi og ved starten av Totak finn ein eit viktig kulturminne kalla Myllarheimen. Detta er eit viktig kulturminne som er knytt opp til ein av Norges mest kjente spelemenn, nemleg Myllarguten. Myllarheimen er husmannsplassen Kosi der den kjende felespelaren levde dei siste åra av livet sitt. Myllarguten heitte eigentleg Torgeir Augundson (1801-1872) og vart fødd i Sauherad. Tilnamnet sitt fekk han fordi han var son av ein myllar. Familien var fattig og levde eit hardt og omflakkande liv. Allereie då han var fem år gamal byrja Myllarguten å spele, og han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann.

Han spela rundt i distrikta, og møtte mange store spelemenn som han let seg inspirere av. I 1831 trefte han Ole Bull i Bergen, og Bull vart svært imponert over spelet til Myllarguten. I 1849 arrangerte Bull ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjon. Konserten vart ein suksess, og Myllarguten opparbeidde seg eit stort publikum.

I kraft av sin talent har Myllarguten blitt eit musikalsk førebilete for mange spelemenn i ettertid. Den vesle husmannsplassen er restaurera, og i 1969 blei det avduka eit minnesmerke her, utført av Dyre Vaa.


Slik kjem du til Myllarheimen

Frå Haukeli: Ta av E134 og inn på rv 362/ Storegutvegen ca 2 km. Ta av mot Arabygdi og følg rv 362/ Arabygdvegen. Etter ca 15 km kjem du til Myllarheimen i Arabygdi. Her er det parkeringsplass og rasteplass på høgre side av vegen. Myllarheimen ligger på venstre side, rett ved vegen.