Haukeliseter haust

Hardangervidda

Med sine ca 8,6 mill dekar er Hardangervidda Nord-Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark.

Hardangervidda Med sine ca 8,6 mill dekar er Hardangervidda Nord-Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark.

Dette er eit verdifullt høgfjellsområde med eit mangfald av plante-og dyreliv, og er eit populær område for rekreasjon og friluftsliv. Fin fjellaure i talrike vatn og vassdrag gjer Hardangervidda særleg populær blant fiskarar.

Nasjonalparken er viktig som tilhaldsstad for Europas største villreinstamme, og den sørlegaste utposten for mang arter av arktiske planter og dyr, blant anna fjellrev og snøugle. Områda er også eit svært attraktivt område for fotturar og mange stiar er merka av Den Norske Turistforening.

Det er fleire innfallsportar til Hardangervidda frå Haukelifjell. Høgfjellsplatået har ein generell høgde på mellom 1100–1200 moh, og Nupsegga i Vinje hever seg opp til 1674 moh. Hardangerviddas høgaste isfrie punkt er Sandfloegga på 1721 moh. Andre toppar som er populær reisemål for fotturistar er Hårteigen 1690 moh og Solfonntaggen 1674 moh.

Les meir om toppane på ut.no

Haukeliseter Ståvatn

Hardangervidda nasjonalpark ligger i Vinje og Tinn kommunar i Telemark og Vestfold fylke, Eidsfjord, Ullensvang og Odda kommunar i Vestland fylke samt Nore og uvdal og Hol kommunar i Viken fylke.

Haukeliseter Ståvatn

Det er fleire innfallsportar til Hardangervidda frå Haukelifjell og det går dagleg buss som stoppar langs E134 på Haukelifjell. Mange fotturistar startar turen sin inn til Hardangervidda frå Haukeliseter fjellstue.

Facebook
Twitter
Email
Print
nn_NO