Fiskevatn – Vågslid Grunneigarlag

STORE VENAREGGTJØNN – 1125 m.o.h.

Framkome: Merka turistforeiningssti frå Haukeliseter til Mannevatn. Stien passerar Store Venareggtjønn i den nordvestre enden av vatnet.
Bestand: Stor aurebestand, snittvekt på ca. 200-400 gram.
Omjevnader: Ope snaufjellsområde med noko myr.
Grunneigar: Statskog
Andre opplysingar: Det er ikkje fiskerett i heile vatnet, snakk med dei som sel fiskekort eller Vågslid
Grunneigarlag.


KISTETJØNN – 979 m.o.h.

Kistetjønn er eigentleg ein del av Ståvatn. Det er 3-4 m djupt.
Framkome: Vatnet er lettast å nå dersom du går merka turistforeiningssti mot Kvandalshytta. Stien
byrjar ved Ståvatn-dammen. Ta av E-134 ca. 0.5 km sør for Haukeliseter Fjellstue.
Bestand: Stor bestand av aure. Snittvekt på 200-300 gram. Det vert ikkje sett ut yngel, men noko
kjem truleg over frå Ståvatn.
Omgjevnader: Ope terreng rundt heile vatnet. Vekslar mellom gras, myr og lyng. Fine leirplassar
rundt heile vatnet.
Grunneigar: Odd Heggenes m.fl.


STÅVATN – 979 m.o.h.

Ståvatn er eit stort og djupt fjellvatn som strekk seg langs E-134 ved Haukeliseter Fjellstue. Vatnet er
regulera 12.5 meter, men magasinet er normalt fullt i fiskesesongen. Fylkesgrensa strekk seg gjennom den vestlege delen av vatnet.
Framkome: Vatnet ligg like ved E-134. For å nå den sørlege delen og dei beste fiskeplassane, kan du
gå merka turistforeiningssti mot Kvandalshytta. Stien byrjar ved Ståvatn-dammen. Ta av E-134 ca. 0.5 km sør for Haukeliseter Fjellstue.
Bestand: Stor bestand av aure. Snittvekt 200-400 gram. Rekordfisk på 2.3 kg. Det settast årleg ut
8000 èin-somreg aureyngel.
Omgjevander: I nord-aust går E-134 forbi. Elles er terrenget ope med noko fjellbjørk.
Båtutleige: Haukeliseter Fjellstue.
Grunneigar: Odd Heggenes m.fl. og Statskog
Andre opplysingar: Vatnet ligg utsett til for vind, og båtfolk må vise omsyn. I sør-aust er det eit
damoverløp. Det er ikkje fiskerett i heile Ståvatn, grensa i vest følgjer fylkesgrensa. Fint elvefiske
mellom Ståvatn og Kjelavatn. Isfritt ca. 20. juni.


VASSDALSTJØNN -1107 m.o.h.

Vassdalstjønn er eit mindre vatn som ligg ca. 7 km sør-aust for E-134. Vatnet har utspring i Kjela ved
ein bekk. Det er ei stigning på ca. 200 m frå vegen til vatnet.
Framkome: Ta av E-134 ca. 0.5 km sør for Haukeliseter Fjellstue. Turistforeininga sin sti mot
Holmavasshytta startar ved dammen, følg denne ca. 7 km.
Bestand: Usikker bestand av aure.
Omgjevnader: Bratte fjellveggar ned i vatnet. Noko steinurer. På vestsida av vatnet er det fine gras-
og sandvollar.
Grunneigar: Odd Heggenes m.fl.
Andre opplysingar: Islagd til ca. 1. juli.


INGELSTJØNN – 1188 m.o.h.

Framkome: Ta av E-134, ca 0.5 km frå Haukeliseter Fjellstue. Følg den merka turistforeinings-stien
mot Bjåen som startar ved Ståvatn-dammen. Vatnet ligg ca. 7 km inn på denne stien.
Bestand: Tynn bestand av aure. Snittvekt 200-500 gram.
Omgjevnader: Variert snaufjell med ur. I austre del av vatnet er det fine gras- og sandvollar. Det er
det fint å slå leir.
Grunneigar: Odd Heggenes m.fl.
Andre opplysingar: Det er ikkje fiske i heile vatnet. Spør om grenser der du handlar fiskekort eller
kontakt Vågslid Grunneigarlag.
Islagd fram til ca. 1. juli.

Ingelstjønn


HERMODHOLTJØNN – 1107 m.o.h.

Framkome: Hermodholtjønn ligg ved Ålmannvegen på nordsida av E-134. Følg sti merka
”Ålmannvegen” ved Prestegård/Vågslitunellen si vestre munning.
Bestand: Bra bestand av aure. Snittvekt 200-400 gram.
Omgjevnader: Variert snaufjell med steinurer.
Grunneigar: Statskog.
Andre opplysingar: Islagd til ca. 1. juli.


KJELAVATN – 944 m.o.h.

Kjelavatn er eit stort og djupt fjellvatn som heng saman med Ståvatn ved Kjelaelva. Vatnet er
regulera 26 meter, men har som regel fullt magasin i fiskesesongen.
Framkome: Vatnet ligg rett ved E-134. For å nå den vestlege delen av vatnet, følgjer du
turistforeininga sin merka sti mot Bjåen eller Holmavasshytta. Stien startar ved Ståvatn-dammen. Ta av E-134 ca. 0.5 km sør for Haukeliseter Fjellstue.
Dersom du vil fiske i den sørlege delen av vatnet, køyrer du den gamle vegen over Vågslid-tunellen
(ikkje gjennom tunellen). Dersom du kjem austfrå tek du til venstre på denne vegen etter ca. 700-800
meter. Dersom du kjem vestfrå dek du til høgre etter ca. 2 km. Vegen går ned til Kjeladammen.
Bestand: Bra bestand av aure. Snittvekt ca. 200-400 gram. Rekordfisk ca. 2 kg. Det settast ut 1000 èin-somreg aureyngel kvart år.
Omgjevnader: I nordaust ligg E-134. Elles er terrenget ope med noko fjellbjørk.
Grunneigar: Odd Heggenes m.fl., Statskog og Nils Vågslid.
Andre opplysingar: Vatnet ligg utsett for vind, så båtfolk må vise omsyn. I sør-aust er det eit
damoverløp. Det er opparbeida ein rasteplass med benkar og bålstad på vestsida av innløpsoset.
Isfritt ca. 15. juni.

Kjelavatn


VESLE KJELAVATN – 917 m.o.h.

Vesle Kjelavatn ligg sør-aust for – og med nær tilknyting til Kjelavatnet.
Framkome: Vatnet ligg ved E-134. For å kome til vatnet køyrer du den gamle vegen over Vågslid-
tunellen (ikkje gjennom tunellen). Dersom du kjem austfrå tek du til venstre på denne vegen etter ca.
700-800 meter. Dersom du kjem vestfrå dek du til høgre etter ca. 2 km. Vegen går ned til
Kjeladammen.
Bestand: Bra bestand av aure. Snittvekt ca. 200-300 gram. Det settast ut 1000 èin-somreg aureyngel
kvart år.
Omgjevnader: Mykje steinur, litt bjørkeskog elles ope fjellterreng.
Grunneigar: Statskog, Jostein Vågslid, og Nils Vågslid.

Andre opplysingar: Ver varsam ved trappetunell frå Kjela som har utspring i vest-enden. Sterk
straum i vatnet kan skape problem i båt og ved bading. Dersom vasstanden er full, kan vegen sperras ved overløpet frå Kjela. Vegens lågaste punkt er elveleie ved overløp. Den er likevel sikra for
fotturistar med ei gangbru. Det er opparbeida ein rasteplass med benkar og bålplass i austre del av
vatnet.


HESTVOLLTJØNNA – 889 m.o.h

Lite tjønn sør-aust for Løyningsvatn med bra fiske.
Framkome: Ingen stiar, bruk kart.
Bestand: Stor bestand av aure, snittvekt 100-250 gram. Rekordfisk ca. 3 kg.
Omgjevnader: Fjellbjøreskog og vier med noko myr.
Grunneigar: Jostein Vågslid


LØYNINGSVATN – 843 m.o.h.

Løyningsvatn er ein del av Kjelavassdraget. Elva mellom Kjela og Løyningsvatn er tørr dersom
vannstanden er låg.
Framkome: Ligg ved E-134, ca. 1.5 km nord for Tyrveli.
Bestand: Bra bestand av aure. Snittvekt 200-400 gram. Rekordfisk ca. 2 kg. Det settas ut fisk etter behov.
Omgjevnader: I nord-aust går E-134 forbi. Fine setervollar med noko fjellbjørkeskog.
Grunneigar: Jostein Vågslid og Nils Vågslid


EIVINDBUVATN – 814 m.o.h.

Terskel i utspring gjev konstant vasstand. Vatnet er djupt nokon stader.
Framkome: Ligg ved E-134, sør for vegen, ved Tyrveli.
Bestand: Stor bestand av aure. Snittvekt ca. 200 gram. Det settast ut 500 èin-somreg aureyngel kvart
år.
Omgjevnader: Ulendt terreng med fjellbjørk og steinurer.
Grunneigar: Ingvild Kåsa, Olav M. Underdal og Halvor Vinje.
Andre opplysingar: Ikkje fiskerett i heile vatnet. Spør der du handlar fiskekort eller kontakt
grunneigarar.


KVERNHUSTJØNNANE – 840-850 m.o.h.

Tre mindre tjønn med bra fiske sør for Arbuvatn. Godt fiske òg i bekken mellom tjønna, samt i
bekken frå Arbuvatn.
Framkome: Følg merka sti mot Fossen, ca. 3 km. Stien startar ved Myrane, vest for Vågslidvatn.
Bestand: Bra aurebestand, snittvekt 200-400 gram. Rekordfisk ca. 2 kg. Det settas ut fisk ved behov.
Omgjevnader: Fjellbjørkeskog med noko grov furuskog. Steinurer, men òg fine grassletter.
Grunneigar: Olav M. Underdal.


ARBUVATN – 800 m.o.h.

Terskel i utspring gjev konstant vasstand. Vatnet er ein del av Kjelavassdraget og det renn ei kort elv mellom Arbuvatn og Vågslidvatn. Det er godt fiske i denne elva.
Framkome: Ligg ved E-134, ca. 2 km vest for Vågslid.
Bestand: Stor aurebestand med snittvekt på 200-300 gram. Rekordfisk 3.9 kg. Det settas ut fisk ved behov.

Omgjevnader: Ulendt terreng med fjellbjørk, steinur og noko furuskog. Fine grasvollar og øyer.
Grunneigar: Odd Heggenes, Olav M. Underdal, Halvor Vinje og Jostein Vågslid.
Andre opplysingar: Det er opparbeida to rasteplassar med benkar og bålplassar. Den eine ligg i
søraust-enden av vatnet, der avstanden mellom øya og land er minst. Den andre ligg på austsida av
øvre del av Arbuvatn.


NORDSJØEN – 914 m.o.h. OG LANGETJØNN – 909 m.o.h.

Framkome: Den beste staden å starte turen frå er Haukelifjell Gjesthus (tidlegare Botn Skysstasjon). Ein må nytte seg av brua over Vågslidvatn. Derifrå går det ikkje sti, så bruk kart.
Bestand: Bra bestand av aure. Snittvekt 200-300 gram.
Omgjevnader: Fjellbjørkeskog/vier med steinurer og nokon parti med myr.
Grunneigar: Trude Botn
Andre opplysingar: Begge vatna er grunne. I Langetjønn er det ikkje fiskerett i heile vatnet (spør der
du handlar fiskekort, eller kontakt grunneigar). I Nordsjøen kan du fiske i heile vatnet.


VÅGSLIDVATN – 796 m.o.h.

Vatnet er ikkje regulera, men har ein terskel i utspringet.
Framkome: Vatnet ligg rett ved E-134 i bygda Vågslid. Dersom du vil til den sørlege delen av vatnet,
kan du fylgje stien som går langs heile vatnet. Du kan fylgje stien frå Myrane eller Haukelifjell Gjestehus. Langs nordsida av vatnet går det ein fin gangveg som gjer at vatnet er lett å nå òg frå denne sida.
Bestand: Tynn bestand av aure. Aurekyte. Snittvekt på aura er ca. 300-1000 gram. Rekordfisk på ca. 4
kg. Det settas årleg ut 1800 èin-somreg aureyngel.
Omgjevnader: Fjellbjørkeskog og grovvekst furuskog. Kupert terreng på sør-sida med fjellknausar og
myrete parti. Bygda Vågslid ligg i nordenden av vatnet.
Grunneigar: Trude Botn, Ingvild Kåsa, Olav M. Underdal, Halvor Vinje og Nils Vågslid.
Andre opplysingar: Det er ikkje fiskerett i heile vatnet, spør der du handlar fiskekort eller kontakt
grunneigar. Ver spesielt varsam dersom du ferdas i båt eller badar ved utspringet der straumen kan
vere sterk. Det er ei fin sandstrand på øya utanfor Åmliviki.
Det er også her opparbeida tre rasteplassar med benkar og bålplass; ein ligg på nordsida av brua ved Sundet, den andre ligg på sørsida av same bru, og den siste ligg på sørsida av brua ved utspringet av Vågslidvatn.


GREIVSHYL – 756 m.o.h.

Framkome: Det går merka sti forbi Greivshyl. Du kan starte ved Haukelifjell Gjestehus (tidlegare Botn Skysstasjon).
Bestand: Bra bestand av aure. Aurekyte. Snittvekt på aure ca. 200-300 gram. Rekordfisk ca. 1.5 kg.
Det vert sett ut fisk ved behov.
Omgjevnader: Vatnet ligg lunt til. Dette resulterar i ein del varmekjær vegetasjon rundt vatnet. Elles
er vegetasjonen prega av fjellbjørkeskog og grovvekst furu. Nokon bratte parti.
Grunneigar: Trude Botn
Andre opplysingar: Det er opparbeidd ein rasteplass med benkar og bålplass. Den ligg på ein odde på austsida av hylen.


SMØRVIKTJØNN – 1085 m.o.h.

Framkome: Vatnet ligg i nærleiken av Ålmannvegen og ein kan ta av denne, ved bekken som kjem frå Ålmanntjønn. Ein kan òg fylgje merka sti frå Haukelifjell Skisenter i Tyrveli.

Bestand: Tynn bestand av aure. Snittvekt ca. 500 gram. Rekordfisk ca. 1 kg.
Omgjevnader: Snaufjell med vier-kratt og noko myr.
Grunneigar: Ingvild Kåsa og Halvor Vinje
Andre opplysingar: Grunt fjellvatn som stort sett er islagd til omlag 20. juni.


ÅLMANNTJØNN – 1058 m.o.h.

Framkome: Vatnet ligg i nærleiken av Ålmannvegen og ein kan ta av stien ved bekken som kjem frå Ålmanntjønn. Ein kan òg fylgje merka sti frå Haukelifjell Skisenter i Tyrveli.
Bestand: Tynn bestand av aure. Snittvekt ca. 500 gram. Rekordfisk ca. 5.8 kg.
Omgjevnader: Snaufjell med vier-kratt og noko myr.
Grunneigar: Ingvild Kåsa og Halvor Vinje
Andre opplysingar: Grunt fjellvatn som stort sett er islagd til omlag 20. juni.


TVI-TJØNNANE – 1177 m.o.h.

Framkome: Tjønna ligg på fjellet nord for Vågslid. Dei er lettast å koma til dersom du tek av frå
Ålmannvegen eller nyttar oppgongen til denne frå Vågslid. Begge stiane er merka.
Bestand: Bra bestand av aure, snittvekt ca. 250 gram. Rekordfisk ca. 2.5 kg.
Omgjevnader: Høgfjellsterreng med myr og steinur, men det finst òg fine grassletter.
Grunneigar: Halvor Vinje
Andre opplysingar: Islagd til ca. 20. juni.


UFØRETJØNN – 1147 m.o.h.

Framkome: Tjønnet ligg på fjellet nord for Vågslid. Det er lettast å fylgje merka sti til Ålmannvegen
frå Vågslidtun Hotell eller Haukelifjell Gjestehus (Botn Skysstasjon). Stiane er merka.
Bestand: Bra bestand av aure, snittvekt ca. 250 gram
Omgjevnader: Høgfjellsterreng med myr og steinur, men det finst òg fine grassletter.
Grunneigar: Halvor Vinje
Andre opplysingar: Islagd til ca. 20. juni.


KROKTJØNN – 962 m.o.h.

Framkome: Stien startar ved Rafdalsmoen, ca. 2 km aust for Haukelifjell Gjestehus (Botn
Skysstasjon). Følg merka sti imot Dalakvåmme. Stien går rett forbi vatnet.
Bestand: Bra bestand av aure, snittvekt 300-800 gram. Det settas ut fisk etter behov.
Omgjevnader: Fjellbjørkeskog med noko myr og opne område.
Grunneigar: Tor Gunnar Groven
Andre opplysingar: Vatnet er delvis grunt.


KLININGSTJØNN – 869 m.o.h.

Framkome: Ta av E-134 ca. 1 km aust for Haukelifjell Gjestehus (Botn Skysstasjon). Tjønnet ligg på
høgre hand ca. 2 km innover vegen.
Bestand: Stor bestand av aure, snittvekt ca. 100 gram.
Omgjevnader: Bjørkeskog og noko myr. På vestsida ligg ein geitestøyl med fine grasvollar.
Grunneigar: Tor Gunnar Groven
Andre opplysingar: Det er opparbeida rasteplass med benkar og bålplass på austsida av tjønnet.


BORDALSVATN – 891 m.o.h.

Eit stort og djupt vatn. Vatnet er regulera 39 meter.
Framkome: Ta av E-134 ca. 1 km sør for Haukelifjell Gjestehus (Botn Skysstasjon). Følg vegen ca. 3 km
fram til Margittjønn. Ved fullt vassmagasin er dette ein del av Bordalsvatnet. Ein kan fylgje vegen ca. 4 km innover. Då har ein Bordalsvatnet på venstre sida heile vegen.
Bestand: Stor bestand av aure. Aurekyte. Snittvekt på aure ca. 300-500 gram. Rekordfisk ca. 2 kg. Det
settas årleg ut 5000 èin-somreg aureyngel.
Omgjevnader: Ope parti med innslag av fjellbjørk. Reguleringssone. Fine grasvollar ved Smørvik.
Grunneigar: Trude Botn
Andre opplysingar: Vatnet ligg utsett til for vind, ver varsam om du ferdas i båt. Ein bør òg vise
omsyn ved damoverløpet. Det er ikkje fiske i heile vatnet, spør der du handlar fiskekort eller kontakt
grunneigar. Det er opparbeidd rasteplass med benkar og bålplass. Den ligg på vestsida av Margittjønn. Islagd fram til ca. 10. juni.

 

For meir info om fiske og fiske kort sjekk inatur.no 

SKIT FISKE!