Fiskevatn – Edland, Tveitevatnet, Grungevatn

KJELA, VELEMOEN OG SUNDET PÅ EDLAND

For fiske rundt Velemoen camping, kan du ta direkte kontakt med campingen på tlf.: 41 58 87 04. Det
står òg plakater om fiskekort når du kjem dit.


TVEITEVATN – 540 m.o.h.

Tveiten Fiskarlag kan by på fiske etter aure i Tveitevatn som strekk seg frå Grungevatn til Edland. I
dette næringsrike vatnet finns fleire ulike auretyper, noko som gjer det attraktivt for fiske både om
sommaren og isfiske på vinteren. Vatnet er berre 20 m på det djupaste. Oterfiske er forbode. Det er ikkje høve til å bruke eigen båt eller motor, men dette kan leigast av grunneigarane.

Tveitevatnet er delt opp i to fiskesoner. Spør om soner der du handlar fiskekort.

Prisane nedanfor gjeld pr. sone.
Døgnkort: kr. 50,-
Vekeskort: kr. 250,-
Utsalsstader: Lindskog Autoservice (Esso) Haukeli
Kontaktperson: Svein Ekre, tlf.: 95 89 03 10


GRUNGEDAL/MOGANE

Grungedal Fiskarlag kan tilby fiske i to vatn, Grungevatn og Lonine, samt elvestrekka mellom vatna. Dette vassdraget er ca. 10 km lang og utgjer ca. 2.5 km 2 . Det finst berre aure i vassdraget, og
storleiken varierar frå 100-500 gram. Større aure vert òg fanga med jamne mellomrom. Kvaliteten på
fisken er gjennomgåande god. Store delar av strendene er fine å gå langs, og det er òg rydda fiskevegar og fiskeplassar langs elvestrekket som er godt eigna for flugefiske. Det kan fiskast frå land og frå båt med både stang og oter. Det er mogleg å leige båt.

For prisar, kontakt utsalsstader eller kontaktperson.

Utsalsstader: Svalastog Gard og Keramikkverstad og Grungedal Camping.
Kontaktperson: Jan Gunnar Tovsland, tlf.: 90 19 96 05

 

For meir info om fiske og fiske kort sjekk inatur.no 

SKIT FISKE!