Attraksjonar

Fjellbygda Haukeli / Vågslid ligger ved foten av Hardangervidda, Europas største høgfjellsplatå og Norges største nasjonalpark.

Den Norske Turistforening har eit stort nett av hytter og merka stiar. Eit populært utgongspunkt er frå Haukeliseter Fjellstue. Her har du mange moglegheiter når det gjeld fotturar, fiske og fantastiske toppturar.

Museum og utstillingar

I Haukeli og omegn finn du eit rikt utval av utstillingar og museum.

Myllargutvegen

Han kom som liten gut til garden Kjos i Åmotsdal som juring. Av Jon Kjos lærte han mykje om felespel og når bygdfolket møttest på Dansarsteinen var den unge Myllarguten spelemann.

Les meir her

Seinare vart han gift med Ingeber Rikardsdotter Haugen frå Edland og budde då på ein stad som heitte Rispehaugen. Han kjøpte Øygarden for pengar han tente på konsertane han hadde saman med Ole Bull.

Etter ei tid måtte han gå frå denne garden, og flutte så til husmannsplassen Kosi i Arabygdi der han døydde. Det er det me no kallar Myllarheimen.

Dei er båe gravlagde ved Rauland kyrkje.

Telemarkstunet i Rauland

Ved Raulandsakademiet ligg Telemarkstunet, som er kopiar av lokale, tradisjonelle laftebygg. Om sommaren er det handverksutstilling på Låven, vedfyrt steinovnsbakeri i Eldhuset med sal av ferske bakevarer, sommarkafè i Årestoga med servering av tradisjonsmat og ope handverkar-verkstader i dei andre bygningane på tunet.

Fjellvegen i Telemark – Hardangervidda Nasjonalparkrute

Hardangervidda Nasjonalparkrute syner deg den spanande reisa mellom aust og vest — den opplevingsrike vegen til fjordane.

Ei reise på sjarmerande småvegar gjennom Telemark, i hjartet av Noreg og i randsona av Hardangervidda.
Ei reise full av opplevingar og inntrykk, med eineståande natur rett utanfor bildøra.
Ei reise tilbake i tid, til røtane i norsk folkekultur og industriens framvekst i Noreg.

Telemarkskanalen

Telemarkskanalen er noko av det vakraste Telemark kan by på. Med hjelp av 18 slusetrinn fordelt på åtte sluseanlegg, vert båten lyft 72 meter på den 105 km lange ferda frå Telemarkskysten i Skien, og inn til foten av Hardangervidda på Dalen i Telemark.

Kanalen stod ferdig i 1892 etter at 500 menn hadde arbeidd iherdig i fem år. Ein tek kanalbåten den eine vegen og følgjer buss tilbake.

Røldal stavkyrkje

Røldal stavkyrkje er ei av landets eldste stavkyrkjer frå 1200-talet. Kyrkja er kjend for det flotte interiøret og som pilgrimsmål i gamal tid. Røldal stavkyrkje var i middelalderen det nest mest besøkte pilgrimsmålet i Noreg etter Nidarosdomen. Spesielt kjend er krusifikset som etter segna hadde helbredande kraft på Santhansnatta.


Velg på øverste hylle av aktiviteter rundt Haukeliseter om sommeren og høsten.

Fantastiske muligheter for fotturer i storslått natur og utallige fiskevann i umiddelbar nærhet.