OPPLEV
på Haukeli
Sommar på Haukeli er ei flott tid! Mange pakkar sekken og reiser til fjells for flotte naturopplevingar og utsikt ein dagdrøymer om resten av året. Kanskje kan ein freiste dei aller minste med ein kortare tur på stiane i bygda før ein avsluttar med soft-is og bading?
Hotell og overnattingsstader byr på mjuke senger og god mat. I bygda er det fint å sykle, og på fjellet kan ein utfordre seg med terrengsykkel eller hundespannkøyring.
På turistinformasjonen, Haukelibue, og på Haukeliseter Fjellstue kan ein få gode tips til turar og aktivitetar.
Haukeli er òg ein god base for dagsturar til kjende destinasjonar som Gaustatoppen, verdsarva og Vemork på Rjukan eller Telemarkskanalen og kanalbåtane på Dalen.
Opplevingar

GÅ- OG VANDRETURER
I områda rundt heile Haukeli kan ein finne både korte vandreturar og meir strabasiøse fjellturar. Gode fotturar i variera terreng.

HUNDESPANN
Haukeli Husky tilbyr hundekøyring heile året.

KANO/KAJAKK
På Haukeliseter fjellstue er det mogleg å leige både kano, kajakk og robåt.

MYLLARHEIMEN
I Arabygdi og ved starten av Totak finn ein eit viktig kulturminne kalla Myllarheimen.

BÆR & SOPP
I august og september kan ein hauste av det naturen har å by på av sopp og bær. Forsyn deg av naturens eige matfat!

VASSEVENTYRET
Ein interaktiv opplevingssti/ turveg med aktivitetar for liten og stor som er open for alle heile sommarhalvåret.
Hardangervidda
Hardangervidda er Nord- Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark. Dette er eit verdifullt høgfjellsområde med eit mangfald av plante- og dyreliv, og er eit populær område for rekreasjon og friluftsliv.
Fin fjellaure i talrike vatn og vassdrag gjer Hardangervidda særleg populær blant fiskarar. Nasjonalparken er viktig som tilhaldsstad for Europas største villreinstamme, og den sørlegaste utposten for mang arter av arktiske planter og dyr, blant anna fjellrev og snøugle. Områda er også eit svært attraktivt område for fotturar og mange stiar er merka av Den Norske Turistforening. Det er fleire innfallsportar til Hardangervidda frå Haukelifjell.