Påska 2021!

Me gler oss til påske! Påska er ei fantastisk fin tid til fjells. Kjølige morgonar med skareføre vert til lange, lyse kveldar og sukkersnø. Dessverre vert påska i år også prega av koronapandemien. Scroll deg nedover og finn informasjon ang. påska frå ulike bedrifter.

Generelt

Me vil her lage ei oppsummering av gjeldande informasjon om tiltak, opningstider, smittevernm, m.m. hugs at det alltid er dei nasjonale/kommunale råda som gjeld (dersom denne sida ikkje er heilt oppdatert). Forandringar skjer fort. Sjå helsenorge.no.
Oversikt over lokale tiltak finn du på heimesida til Vinje kommune.

Reglen seier at du skal halde deg til reglane i både besøkskommunen (Vinje kommune) og kommunen du kjem frå.

Vinje kommune har innført påbod om munnbind innandørs i påska. 

Du skal halde deg heime dersom:

  • Du ikkje er frisk
  • Du er i karantene og ventar på testsvar
  • Du kjem frå eit område med mykje smittepress og strenge lokale tiltak. Dei strengaste lokale tiltaka frarådar å reise på overnattingsstader og andre stader der mange folk er samla.
Alle andre er hjarteleg velkomne!
Haukelifjell Skisenter

Tyrvelidhallen vert stengd i påska. Likevel har me tilbod utandørs:

Billettluka: Det vert sal av kaffi, is, godteri, mineralvatn og skishopartiklar ut denne luka. Dersom du har problem med heiskortet, kan du òg henvende deg her.

Skiutleige: Bestillinga av skiutstyr  gjerast via epost før du kjem og levering av utstyr skjer på utsida av skiutleiga. Viktig info får du her

Servering: Det vert inga innandørs servering eller moglegheiter for å sitte inne. Både kafèen og varmestoga, der ein kan ta med eigen mat, vil vere stengt. Me tilbyr takeaway i form av pommes frites, pylser, hamburger og mineralvatn via ordreappen. Det er sett klart bord og stolar utandørs på pub- og kafèterassene. Her kan ein sitte dersom ein bestille mat via appen, «Ordre». Søk opp Haukelifjell skisenter og vel Takeaway Meny. Vel deretter om du vil ha maten servert på pub- eller kafèterasse.
På terassene med bord og stolar er det ikkje tillate med medbrakt mat og drikke.

CocaCola-vogna har servering av pylser, mineralvatn, kaffi og godteri. Det vil òg her bli sett ut benkar og bord.

Det er viktig at ein berre sit saman med eigen husstand!

Heiskort: Heiskort selgas kun ONLINE her.  Kjøper du med keycard, hentas korta i PICKUP-maskinene våre. Det vil vere skilta til desse. Me minnar om at heiskort som er kjøpt og betalt ikkje kan refunderas eller endras.

Toalett: Toaletta i puben og container WC er ope. Hugs å sprit og vask hendene både før og etter toalettbesøk.

Hugs: Det er krav om munnbind innandørs der ein ikkje kan halde 2 meters avstand!

God påske og velkommen til oss!

Haukeliseter Fjellstue

Me held ope, men kun for overnattande gjester som allerie har førehandsbestilt opphald.

Haukeliseter fjellstue held ope i påska, men berre for eit avgrensa antal gjester som allereie har førehandsbestilt opphald hjå oss. Det vil sei at me dessverre ikkje har moglegheit til å ta imot nye booingførespurnader, og at hovudbygningen, restauranten og andre fasilitetar er stengt for andre gjester. Me kan dessverre heller ikkje ta imot drop-in-gjester, telt og/eller bubilar.

Overnattingsgjester vil få tilbod om å førehandsbestille måltid som frukost, niste og trerettars middag. Desse vil få tildela eit fast bord som ein nyttar seg av under hele opphaldet. Overnattingsgjester kan òg nytte seg av fjellmenyen

Servering

For dagsgjester og gjennomreisende tilbyr vi take away fra bakeriet og fjellmenyen.

Me byr på takeaway fra fjellmenyen  vår kvar dag mellom klokka 12.00 – 20.00. Mat frå fjellmenyen bestillas på telefon +47 3506 2777. Betaling skjer via Vipps. Maten vert levert til deg utandørs.

Bakeri Nansen

Bakeri Nansen held ope i Nansen-bygget kvar dag mellom klokka 11.00 – 17.00. Her kan ein kjøpe med seg bollar, brød, vaflar, påsmurd, sjokolade, kaffi og brus. Det er dessverre ikkje lov til sitta ned og nyte bakevarene innandørs.

Opningstider i påska

Desse opningstidene gjeld i påska, f.o.m. måndag 29. mars t.o.m. måndag 05. april:

Frukost:                              07.30 – 10.00
Fjellmeny:                          12.00 – 21.00
Trerettars:                          kvar dag (må førehandsbestillas)
Bakeri Nansen:                 11.00 – 17.00 i Nansen-bygget

Det er nasjonalt sjenkeforbod, og ein lyt ikkje kjøpe alkohol, heller ikkje saman med matservering.

Anna

Villmarksspa (badestamp og badstoge) er dessverre framleis stengt.

Hugs berre:

  • TO meter avstand til andre. Og begrens opphald i fellesareal!
  • God handhygiene! Nytt deg flittig av handspriten som er sett fram!
  • Bruk munnbind innandørs!

 

Foto: Håkon Aarthun

Spar
Spar Haukeli gjer sitt for at du skal kunne handle trygt. Me har ei grense på 55 personar i butikken, og vil i påska ha ei vakt på utsida for å halde kontroll på at dette handhevas. Kom gjerne berre èin person frå kvar husstand. Butikken er ikkje så stor, så ha litt tolmod når du kjem slik at det ikkje vert trengsel.
Visste du at me tilbyr plukk og hent? Du kan sende ein mail eller melding med handleliste, namn og telefonnummer, så sender me ein sms når varene er klare for betaling og henting!

Betaling via Vipps: 597502
Bestilling via epost: [email protected] eller tlf. 99101882

Velkommen til ein trygg og sikker handel!

Joker Haukeligrend
Joker tilbyr òg pakking og henting av varer!
 E-post: [email protected] eller ring på: 47320799 /47287363.
Betaling ordnas etter avtale.

Midtveit Hytteutleige

Midtveit Hytteutleige fortset med rutinene dei har innført i høve Covid 19. Det betyr at hyttene er grundig vaska etter kvar gjest, og dei legg på reine laken. Gjestene skal ha med eige sengetøy. Det er sjekkliste i hytta der gjestene skal skrive under på at hytta er reingjort før dei kjem og dei kryssar av kva dei har har utført av reinhald ved avreise. De finn også handsprit samt overflatesprit på hytta. Dette oppfordrar dei alle gjester til å bruke før dei innlosjerar seg, på overflater som dørhandtak etc.

Vågslidtun Hotell

Vågslidtun held ope for gjester som har førehandsbooka hotellrom og plass i restauranten. D.v.s. at dersom du vil stikke innom for ein kakao, så må du altså på førehand melde frå om at du kjem.
Alle bestillingar kan gjerast via epost: [email protected] eller tlf: 350 70 585.

Husflidsbue

Husflidsbue har utvida opningstider. I tillegg tilbyr dei å kome ut med varene til deg dersom du veit kva du vil ha. Om du lurar på noko ang. vareutval, eller om du vil bestille noko og kome og hente, kan du ringe dei på tlf. 906 73 998 (i opningstida). Dei har trådlaus betalingsterminal, så du kan betale ute i bilen.

Opningstider i påska

Opningstid 10-14

Lørdag 27.03.
Måndag 29.03.
Tirsdag 30.03.
Onsdag 31.03.
Lørdag 03.04.

Velkomen innom!

XL-BYGG Haukeli
Opningstider

Månd-tirsdag: 07.30-16.00
Onsdag: 07.30-13.00

Påskeaften stengt

Butikken og lageret er stengt for kundar, ring inn eller bestill med Klikk & Hent i opningstida, så steller me klart og kjem ut med varene! Sjå korleis du går fram med bestilling HER.

God påske!