Open dag på brannstasjonen i Haukeli

Laurdag 21.09.19 hadde mange brannstasjonar i Noregs land «Open dag». Denne dagen er for å sette fokus på brannforebyggjande tiltak i dei mange husstandane rundt omkring i landet.

Vinje brann og redning hadde konstablar frå brannstasjonane Åmot, Rauland og Haukeli. Rauland hadde òg med brannbilen sin.
Det var mange besøkjande både frå nærområdet og andre bygder. Her var det aldersspenn frå 2 til 80 år!
Dei som møtte denne dagen fekk bli med på mykje moro. Første aktivitet var å sløkkje brann med skumapparat.

Mange var igjennom rebusløypa der dei måtte svare på fem brannforebyggjande spørsmål. Samstundes blei det servert vaflar, kaffi og saft inne på stasjonen.  For dei fleste små var nok høgdepunktet å få sitta i brannbilane!

Fleire av borna fekk prøve lyfteputene som konstablane brukar t.d. ved bilulykker, men òg for å lyfte tunge gjenstandar når det trengs.

Til slutt fekk både store og små sjå korleis brannvesenet utfører hurtigfrigjering ved bilulykker dersom det sitt fastklemde pasientar i bilane.

Vinje brann og redning takkar alle frammøtte for ein fin dag!