Stolpejakta 2021 i Vinje!

Facebook
Twitter
Email
Print
I Vinje kan du jakte stolpar frå 23.06.21

Me gjentar suksessen frå i fjor. Vinje kommune har også i år i samarbeid med turistinformasjonane, Vinje IL,  IL Dyre Vaa, ivrige hytteeigarar og personer i Øyfjell satt ut 72 stolpar i store delar av kommunen. Håpar på  stor deltaking i 2021.

Stolpejakta er eit låg terskel aktivitetstilbod og ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Stolpejakta er eit gratis tilbod for alle. Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode.

Dei ulike fargane syner kor vanskelig det er å finne stolpane:

Grøn – Svært lett

Blå – Lett

Raud – Middels

Svart – Vanskeleg 

 Stolpane kan registrerast på 2 måtar:

1. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på di side.

2. Last ned appen «Stolpejakten» til mobiltelefonen og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane.

 

Bli med på jakt, er du innom 30 stolpar så blir du med i trekning av 5 gåvekort på kr. 1000,-. Vinnar kan sjølv velje kor han vil nytta gåvekortet innan for Vinje kommune. Trekning etter 17.10.21

Dei fleste stolpane blir ståande ute til og med 17.10.21. Nokon blir fjerna tidligare grunna jakt. Me må også taka atterhald om siste dato viss det kjem sno.

 

Ha ei god jakt!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
nn_NO