jegerogturgåar

Om ferdsel i skog og mark i jakta

Facebook
Twitter
Email
Print

Mange lurar på om det er trygt og ferdas i skog og mark i jakta – sjølvsagt er det det! Samstundes som jegerane bør vise omsyn til turgåarar, bør òg turgåarane vise omsyn til jegerane. Her kjem nokon tips frå NJFF!

1.  Alle har like stor rett til å ferdas i skogen
Allemannsretten sikrar sikrar lik rett til ferdsel for alle. Jegerane ynskjer heller ikkje at folk ikkje skal få bruke naturen. Eit tips er å snakke med nokon på førehand om kor dei skal jakte den dagen du tenkjer deg på tur, så kanskje de kan ferdas på ulike plassar?

2. Er jakt farleg for meg?
Nei. Det er ikkje farleg å gå i skogen sjølv om dei jaktar. Jegerane veit godt kva dei skal skyte på og ikkje. Så det er ikkje slik at ein blir skoten om ein sit og plukkar bær.

3. Må eg ha raud topplue?
Neidå, det treng du ikkje, men det kan vere lettare å sjå deg for andre i terrenget, så dersom du kjenner deg tryggare med ei raud lue, så kan du for all del ha ho på! Sterke fargar på kleda dine er til hjelp for dei som jaktar.

4. Kvifor har jegerane signalklede?
Jegerane har ofte signalklede slik at det tydeleg kjem fram for dei andre i jaktlaget kor dei er til kvar ei tid. Det er ikkje slik at dei  ha slike klede, men det er vanleg når det er fleire som jaktar saman.

5. Vert jegeren irritert viss me tilfeldigvis møter han på post?
Det bør han eller ho ikkje bli! Me har ein fin tradisjon i Noreg at me helsar på kvarandre eller småpratar litt til fjells eller i skogen. Dette gjeld når me treff jegerar òg. Men dersom du møter ein jeger på post, så treng du kanskje ikkje slå av ein lang og høglytt prat om vèr og vind.

6. Veit eigentleg jegerane kva dei driv med?
Det finns knapt eit jegerkorps i verda som er betre skolert enn det norske. Alle som skal jakte i Noreg må gjennom jegerprøvekurs (30 timar) samt bestå ein offentleg eksamen til slutt. Kvart år må alle som jaktar storvilt ta skyteprøve. Fokuset på sikkerheit og gode våpenvanar er stort i Noreg.

7. Veit jegerane korleis dei skal forhalde seg til turgåarar?
NJFF har laga Jaktvettreglar for å hindre ulykker under jakt, samt at møter mellom jegerar og valege friluftsfolk går knirkefritt! Jaktvettreglane oppmodar jegerar til å vise omsyn og vere imøtekommande og prate med folk dei møter. Jaktvettreglane finn du her.

Tips frå Vinje kommune finn du her.

GOD TUR!

Jaktkort

Lurar du på kvar du kjøper jaktkort? Det gjer du på I Natur!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
nn_NO