Mjonøy

Mjonøy har tre høgstandardhytter, og ti med enkel standard. Vedfyrt steinomnbakeri, eldhus, kunstutstilling, handverk og gardsmatutsal.


 
 

Enten du kjem frå aust eller vest langs E-134, bør du leggje kvilepausa di til Mjonøy i Vinje. Det vedfyrte bakeriet vårt er svært populært, og held ope frå påsketider til og med haustferien. 

Du kan gå i det sjølvbetjente bakeriet vårt og forsyne deg av store, fristande skillingsboller eller brød frå den vedfyrte steinomnen.

I sommarmånadane er kafeen vår open kvar dag, med blant anna vår svært populære Mjonøyburger på menyen. Her kan du få ein skikkeleg heimegjort matbit. Mykje er basert på lokale råvarer frå Telemark.

Freistar det å bli lenger har me hytter som dekkjer alle slags behov og i tillegg ein liten campingplass øverst på området. 

Elvane Klevastøylåi og Smørkleppåi renn rundt Mjonøy og dannar ei øy som du høyrer i namnet. Dei renn sakte forbi og byssar deg i søvn.


Kontakt oss!

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon eller for booking av overnatting.


OVERNATTING

Me har 13 ulike tømmerhytter til utleige.

Les mer
 
 

STEINOMNSBAKERI

Mjonøy Bakeri har brød steikt i vedfyrt steinomn, loff og rundstykker, mandelstjerner, skillingsbollar, skulebollar, rjomegraut, kling og mykje meir!


 
 

Følg oss

Instagram

Facebook