Midtveit Hytteutleige

Overnatting for helg og vekesutleige


 
 

Midtveit Hytteutleige tilbyr hytter med sjel i stille og storslagen natur. Me har sju hytter med ulik standard og beliggenhet frå enkle støylsbuer til hytter med høgare standard. Alle hyttene har tilgang til båt og gratis fiske. Barnevenleg turterreng sommar og vinter.

Sundflaten, Edland

Desse to hyttene har straum og innlagt vatn. Hyttene ligg nede i bygda med fantastiske fiskemoglegheitar og er eit flott utgangspunkt for å utforske nærområda.

  • Storhytta: Tømmerhytte med utsikt over elva. Romsleg hytte med 4-6 sengeplassar. Tre soverom, stoge, kjøkken og bad.
  • Veslehytta: Lita lun hytte med 4-6 sengeplassar. Stoge,kjøkken og bad. 100 meter frå hytta er det eit romantisk anneks. Her har du fantastisk utsikt praktisk talt frå sengekanten- hytta ligg få meter frå vasskanten.

Kontakt oss!

Ta gjerne kontakt med oss for mer informasjon.

Haukeliheia

Haukeliheia (800 moh), 5 km frå Haukeli har me fire utleigehytter. Hyttene har enkel standard, men desto meir sjarm. Området er svært barnevenleg og ligg svær usjenert til. Fine turvegar, fiskevatn med og utan båt.

  • Nasaroi- støylshus med god plass og mange rom. Sengeplass til 6. Stoge, kjøkken, sovealkove og soveloft. Utsikt over fjell og vidder.
  • Hallas hytte- nyare lafta hytte. Stoge, kjøkken og to soverom.
  • Knutsbu- lite gamalt ombygd sel. Eit opphaldsrom med to senger. Lite kjøkken med utsikt mot Nasatjønn.
  • Hovtekkja- ombygd gamalt sel. Stoge, soverom og ei lite barnesoverom. 3-4 sengeplassar. Ligg lunt til med utsikt over Nasatjønn.

Midtveit Hytteutleige
Utgardsvegen 36
3895 Edland

For meir informasjon og booking:
Tel. 95 93 57 93/90 17 36 02
E-post: [email protected]

Følg oss

Facebook

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons

Det enkle er ofte det beste...

Enkelt på Nasaroi, men her er det viktigaste. Gode senger, gode omnar, sjel i veggane og ikkje minst, stillhet 🌿🐞⛰
... See MoreSee Less

2 uker siden

Det enkle er ofte det beste...

Enkelt på Nasaroi, men her er det viktigaste. Gode senger, gode omnar, sjel i veggane og ikkje minst, stillhet 🌿🐞⛰

Ny platting på Veslehytta!
Håpar gjestene får det fint her i ettermiddagsola☀️
... See MoreSee Less

3 uker siden

Ny platting på Veslehytta! 
Håpar gjestene får det fint her i ettermiddagsola☀️

Comment on Facebook

Kjempe koselig

Flinke 👏👏👏👏

Alltid like moro å sjå nesten 300 sau, fordelt på tre etasjar, brekar og spring fortumla ut av sauebilen🐑🐏- her kjem 3.Etasje der lamma var.
Om tre månadar ber det ‘him’ igjen same vegen😊
... See MoreSee Less

1 måned siden

Sjå fleire