Frå Vanja Steinbru til Linn Sigrid Bratland

Facebook
Twitter
Email
Print

Vanja Steinbru er ein designer som lenge har jobba kun med eigne smykker som ho også har produsert sjølv litt slik som eg gjer. No i januar bestemte ho seg for å drive verkstad og heller fokusere på kun å jobbe som designer (og litt standupkomiker 😉 – heilt sant!)

Smykke
Vanja har designa ei rekke smykke basert på kvardagslykke, slik som vaffelhjerter, ringane kaffekoppen set på bordet ditt og mykje meir.
Eg kjenner Vanja godt og har alltid hatt veldig sansen for smykka hennar. Då ho kontakta meg og spurde om eg var interressert i å kjøpe nokon av designa hennar, var eg med ein gong veldig positiv til det. Problemet var at eg ikkje klarte å bestemme meg for kva for eit. Me gjorde difor ein avtale om at eg får lage alle designa hennar, men at ho får ein liten prosent av salget. På den måten får me her på verkstaden gleden av å tilby våre kundar både vaffelsmykker, kafferinger, maur og barnål og ikkje minst Kongla, – NorwegianMade sit merke som garanterer for norskproduserte varer.
Den aller minste kongla greier me no å lage på samme effektive måte som Fjellsmykkene, så denne har me også ein veldig god pris på. Kom gjerne innom å ta ein kikk når «Korona-kloa» har slept taket! I mellomtida kan du ta ein kikk på nettsida vår der alle smykka frå Vanja ligg i ei eiga avdeling under hennar namn.

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
nn_NO