Lanseringfest for visithaukeli.com på Haukeliseter Fjellstue

Tysdag 28. mai var det lanseringsfest for den nye webportalen, www.visithaukeli.com på
Haukeliseter fjellstue. Med rundt 40 påmelde vart det fullsett sal! Kvelden vart innleia med
introduksjon av prosjektgruppa i Haukeli næringslag, og nokre ord frå næringsjefen i Vinje kommune,
Knut Martin Edland.

Deretter hadde turistsjef og webutviklar, Torben Anderssen ordet. Han fortalde
om viktigheita av eit digitalt samarbeid i eit lite samfunn. Her er alle med på å gjere kvarandre
synlege både lokalt og ikkje minst for tilreisande. På denne måten kan fleire sjå alt Haukeli har å by
på!

Til slutt haldt Elise Landa eit føredrag om korleis ein best kan nå ut i den store verda med
søkemotorar og sosiale media. Ho haldt eit engasjerande og morosamt kurs der alle satt klistra frå
start til slutt.

Ei stor takk til web-teamet til Torben som har jobba på for å få sida opp å gå, med eit strålande
resultat! Me vil òg takke Haukeliseter fjellstue for nydeleg mat og drikke i flotte omgjevnader.
No er me i gong! Jippi!