Kulturminnedag på Gamle Botn

Kulturminnedagen vart arrangert for tredje gong i tunet på gamle Botn. Det er Else Marie Skau i Fortidsminneforeningen som er primus motor for arrangementet, saman med eigar Trude Botn.

Restaureringsarbeidet på stabburet har gått føre seg dei tre seiste åra. Arbeidet starta med at snekkarane jobba med å gjera buret stabilt. Vidare har dei bytt ut rote treverk, lagt nytt golv i svala og tatt ned alle utskjeringane. Dei har restaurert dei som var mogleg å bevare og laga nye kopiar der dette trongst.

Tømra i staburet er i frå 1666, noko Anders Dalseg kunne stadfeste då han viste oss ein bit av tømra som han hadde skore ut. Loftet har stått i Edland og vart flutt opp til Botn kring 1889. Då starta det omfattande arbeidet med å utsmykke det. Dalseg seier det må ha vore ein arkitekt som har tegna utsmykningane og kanskje ein møbelsnekkar som har utførd arbeidet. Alt heng finurleg saman, og ingenting er tilfeldig gjort.

Under kulturminnedagane 2019 delte kontorsjef Einar Engen ut Kulturminnefondets nasjonale plakett for godt bevaringsarbeid. Plaketten vert gjeven til prosjekt som vert støtta av Kulturminnefondet, og som har utmerka seg spesielt i både bevaring og formidlingsarbeid knytt til kulturminne.

Dagen vart svært så vellukka. Feleelevar frå Vinje kulturskule sette eit triveleg preg på arrangementet , og Ragnvald Christenson fortålde om hotella langs vegen.