Slik kjem du hit

Haukeli er eit knutepunkt for trafikk både frå aust, vest eller sør. I krysset i Haukeli møtast trafikken frå Kristiansand, Haugesund og Oslo. Velkomen til fjells!

Til Google Maps

Frå Haugesund:

Følgje E- 134 mot Oslo over Haukelifjell. Vidare langs E- 134 frå Haukelifjell finn du alle våre små grender som Vågslid, Haukeli, Edland, Grungedal. For å komme til Arabygdi, ta av til venstre inn på rv 362/ Storegutvegen, ca 2 km, ta så av til venstre og fortsett på rv 362/ Arabygdvegen ca 12 km.

Frå Oslo:

Følgje E-134 mot Haugesund. Du finn Grungedal, Edland, Haukeli, Vågsli og Haukelifjell på strak arm langs E- 134.For å komme til Arabygdi, ta av til høgre inn på rv 362/ Storegutvegen, ca 1,2 km, ta så av til høgre og forsett på rv 362/ Arabygdvegen ca 12 km.

Frå Kristiansand:

Følgje rv9 mot Evje og gjennom Setesdal til du kjem til kysset i Haukeli. Ta til venstre for å komme til Vågslid og Haukelifjell. Ta til høgre for å komme til Haukeli, Edland, Grungedal. For å komme til Arabygdi ta av til venstre inn på rv 362/ Storegutvegen, ca 2 km, ta så av til venstre og fortsett på rv 362/ Arabygdvegen ca 12 km.