Haukeliseter fjellstue

Haukeliseter fjellstue er ei turistforeiningshytte tilknytt Stavanger Turistforening


 
 

Vi ligg på 987 meter over havnivå. Hos oss får du overnatting i vakre omgjevnader, unike turmoglegheiter og heimelaga mat og bakevarer tilverka av lokale råvarer.

Romma våre dekker ulike standardar. Fjellromma har toalett og dusj inne på rommet, sjølvstelleromma har ein liten kjøkenkrok på rommet og felles toalett i korridoren utanfor, medan sovesal og stabbur er det sjølve senga ein reserverer. Det er òg mogleg å reservere heile rommet om du ikkje vil dele det med andre fjellturistar.

Kontakt oss!

Ta gjerne kontakt med oss for mer informasjon.


Aktivitetane du kan halde på med her, rommar alt frå private ski-eller fjellturar til fellesarrangement som kitekurs, skredkurs, singel på fjellet og så bort etter. På laurdagar og nokre andre dagar i høgsesong, kan du nyte villmarksspaet vårt etter ein dag ute i naturen. Vi har både utandørs badestamp og badstue med ei fantastisk utsikt over Ståvatn og fjellrekka bak.

Matserveringa vår treff ulike smakar og behov. Er du på veg over fjellet, er det raskt og enkelt å kjøpe rømmegraut, suppe eller kjøtkaker frå buffeen, eller kanskje det rekk med herlege, nybaka bollar frå Bakeri Nansen? Vi har òg andre «àla carte» -rettar som du kan bestille frå Fjellmenyen vår. For buande gjestar som vil ha ei meir eksklusiv matoppleving i helger og høgtider, tilbyr vi tre rettars middag som eit alternativ. Her må du avtale bordsetjing med resepsjonen på førehand.

Vi held ope kvar dag heile året mellom kl. 08.00 og 22.30. Om du kjem fram etter kl. 22.00, ber vi om at du tek kontakt med resepsjonen på [email protected]

For bestilling eller andre førespurnader, [email protected] eller bestill direkte sjølv på haukeliseter.no

Kva skjer?


Aktuelt