Velkomen til Haukeli Husky Lodge!

Haukeli Husky Lodge tilbyr overnatting i Bed & Breakfast på sommaren og i hytter sommar og vinter.

Plassen ligg på ein fjellgard like ved vår kennel i eit stille og naturskjønt fjellområde, ca 900 moh. Her kan du nyte stilla og boltre deg i mykje flott natur heile året. Det er mange molegheiter for turar rett utanfor døra.

Som gjest hos oss har du tilgang til badestamp og badstoge. Vi har òg utleige av sykkel, kajakk og båt.

Våre gjester er sjølvsagt velkomne til å besøke vår kennel og helse på hundane våre.

 

Bed & Breakfast

Haukeli Husky Bed & Breakfast er ope frå 1. juni til 31. august.

Vi byr på ei god natts søvn i gode senger, ein velsmakande, tradisjonell norsk frukost, sett i landlege og naturskjønne omgjevnadar.

Alle romma har felles bad.

Som gjest hos oss, har du tilgang til fleire stuer, eit velutstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, to bad, eit ekstra toalett og dusj, vaskemaskin og tørketrommel.

Det er òg ein hage du kan bruke med utemøblar og grill.

 

Hytter

Vi har tre hytter. Dei ligg ved vår kennel og er godt utstyrt med kjøkken og bad.

  • Fjelly: Hytta har ein stor, fin terasse og sengeplassar til 6 personar, ein hems, stue/kjøkken og bad. Leigeperiode: heile året.
  • Tverrfjell: Hytta er det gamle våningshuset på garden. Den har sengplassar til 8 personar, to stuer, kjøkken og bad. Leigeperiode: september – juni
  • Tjønndalen: Hytta har sengplassar til 5 personar, stue, kjøkken og bad. Leigeperiode: september- juni.

For meir informasjon om aktivitetar hjå Haukeli Husky, sommar som vinter, klikk deg inn her!