Haukeli Husky

Hundespann – hundekøyring – ekte villmarksopplevingar!


 
 

Hund på hjul

Snøen er borte, men ingen problem. Vi byttar ut sledar med vogner med hjul. Køyr ditt eige hundespann, med ei av våre solide vogner.

Du treng ikke erfaring fra hundekøyring for å vere med på denne turer. Du får den opplæringa du treng. Det er ein erfaren guide med på turen.

Det er 2 vaksne personer per vogn, ein kjører, og ein er passasjer, ein bytter vi undervegs. Barn sit på med guiden eller saman med vaksne. Vi tek ein pause midt i turen med enkel servering av varm drikke og heimebakte bollar.

Denne turen går på små vegar i naturskjønne fjellområde nær vår kennel.  Bli med på ei minnerik oppleving i flott natur!

Periode: 1. juni – snøen kjem

Varighet: ca. 3 timar, inkludert klargjering og instruksjon

Kontakt oss!

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.


Fjelltur med hund

Bli med på ein flott fjelltur med din eigen husky.

I vår kennelen ser våre venlege og sosiale Alaska Huskier fram til å ta deg med på ein tur. Etter eit kort møte med hundane, startar turen opp til fjellet. Mens du nyt turen og selskapet med hundane, kan du nyte den fantastiske utsikten over dei omkringliggande fjella.

Vi tek ein pause på toppen med enkel servering av varm drikke og heimebakte bollar, før vi vender nesa heim igjen.

Våre huskier ventar ivrig etter å hilse på deg.

Periode: frå 1.juni – snøen kjem

Varighet: ca. 3 timar

    Aktuelt



    No post was found with your current grid settings. You should verify if you have posts inside the current selected post type(s) and if the meta key filter is not too much restrictive.


    Overnatting

    Haukeli Husky Lodge

    Haukeli Husky Lodge tilbyr overnatting i Bed & Breakfast på somaren og i hytter sommar og vinter.

    Plassen ligg på ein fjellgard like ved vår kennel i eit stille og naturskjønt fjellområde, ca 900 moh. Her kan du nyte stillheiten og boltre deg i mykje flott natur heile året. Det er mange molegheiter for turar rett utanfor døra.

    Som gjest hos oss har du tilgang til badestamp og badstoge. Vi har òg utleige av sykkel, kajakk og båt.

    Våre gjester er sjølvsagt velkomne til å besøke vår kennel og helse på hundane våre.

     

    Bed & Breakfast

    Haukeli Husky Bed & Breakfast er ope frå 1. juni til 31. august.

    Vi byr på ei god natts søvn i gode senger, ein velsmakande, tradisjonell norsk frukost, sett i landlege og naturskjønne omgjevnadar.

    Alle romma har felles bad.

    Som gjest hos oss, har du tilgang til fleire stuer, eit velutstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, to bad, eit ekstra toalett og dusj, vaskemaskin og tørketrommel.

    Det er òg ein hage du kan bruke med utemøblar og grill.

    Hytter

    Vi har tre hytter. Dei ligg ved vår kennel og er godt utstyrt med kjøkken og bad.

    • Fjelly: Hytta har ein stor, fin terasse og sengeplassar til 6 personar, ein hems, stue/kjøkken og bad. Leigeperiode: heile året.
    • Tverrfjell: Hytta er det gamle våningshuset på garden. Den har sengplassar til 8 personar, to stuer, kjøkken og bad. Leigeperiode: september – juni
    • Tjønndalen: Hytta har sengplassar til 5 personar, stue, kjøkken og bad. Leigeperiode: september- juni

    Våre turar går i eit fantastisk fjell-landskap ved randsona av Hardangervidda. Vi tilbyr rundtur, halvdagstur, dagstur og overnattingstur.Vi tilbyr og turar med hundevogn om sommaren.

    For meir informasjon om våre turar sjå vår heimeside: www.hundespann.no Du kan og kontakte oss på [email protected] eller tlf. +47 41 51 13 04


    Image