Haukeli Husky

Hundespann – hundekøyring – ekte villmarksopplevingar!


Kontakt oss
 
 

Hundekøyring er draumen om ekte villmarksoppleving.
Bak spannet, på sleden, er det kun deg sjølv, dine lojale firbeinte vener og fjellet si stille og ro – ingenting anna.

Det einaste du ser er fjell, det einaste du høyrer er vinden som susar, din eigen pust, sleden si knirking og mjuke, raske potar mot snøen.

Sommaraktivitetar hjå Haukeli Husky

Hund på hjul

Snøen er borte, men ingen problem. Vi byttar ut sledar med vogneramed hjul. Køyr ditt eige hundespann, med ei av våre solide vogner.

Du treng ikke erfaring fra hundekøyring for å vere med på denne turen. Du får den opplæringa du treng og det er ein erfaren guide med på turen.

Det er to vaksne personar per vogn, ein som køyrer, og ein er passasjer –  ein bytter undervegs. Barn sit på med guiden eller saman med vaksne. Vi tek ei pause midt i turen med enkel servering av varm drikke og heimebaka bollar.

Denne turen går på små vegar i naturskjønne fjellområde nær vår kennel. Bli med på ei minnerik oppleving i flott natur!

Periode: 1. juni – snøen kjem

Varighet: ca. 3 timar, inkludert klargjering og instruksjon

 

Fjelltur med hund

Bli med på ein flott fjelltur med din eigen husky.

I vår kennelen ser våre venlege og sosiale Alaska Huskiar fram til å ta deg med på ein tur. Etter eit kort møte med hundane, startar turen opp til fjellet. Mens du nyt turen og selskapet med hundane, kan du nyte den fantastiske utsikten over dei omkringliggande fjella.

Vi tek ei pause på toppen med enkel servering av varm drikke og heimebaka bollar, før vi vender nasa heim igjen.

Våre huskiar ventar ivrig etter å helse på deg.

Periode: frå 1.juni – snøen kjem

Varighet: ca. 3 timar

Haukeli Husky er ein familiedreven opplevingsbedrift, etablert i 2004. Vi har for tida 46 entusiastiske og venlege hundar som elskar å dra på tur.

Vårt mål er å gje menneske genuine villmarksopplevingar; opplevingar ein ikkje så lett kan oppleve andre stader. 
Velkomen til oss!

Kontakt oss!

Ta gjerne kontakt med oss for mer informasjon.

Aktuelt





Overnatting

Haukeli Husky Lodge

Haukeli Husky Lodge tilbyr overnatting i Bed & Breakfast på somaren og i hytter sommar og vinter.

Plassen ligg på ein fjellgard like ved vår kennel i eit stille og naturskjønt fjellområde, ca 900 moh. Her kan du nyte stillheiten og boltre deg i mykje flott natur heile året. Det er mange molegheiter for turar rett utanfor døra.

Som gjest hos oss har du tilgang til badestamp og badstoge. Vi har òg utleige av sykkel, kajakk og båt.

Våre gjester er sjølvsagt velkomne til å besøke vår kennel og helse på hundane våre.

 

Bed & Breakfast

Haukeli Husky Bed & Breakfast er ope frå 1. juni til 31. august.

Vi byr på ei god natts søvn i gode senger, ein velsmakande, tradisjonell norsk frukost, sett i landlege og naturskjønne omgjevnadar.

Alle romma har felles bad.

Som gjest hos oss, har du tilgang til fleire stuer, eit velutstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, to bad, eit ekstra toalett og dusj, vaskemaskin og tørketrommel.

Det er òg ein hage du kan bruke med utemøblar og grill.

Hytter

Vi har tre hytter. Dei ligg ved vår kennel og er godt utstyrt med kjøkken og bad.

  • Fjelly: Hytta har ein stor, fin terasse og sengeplassar til 6 personar, ein hems, stue/kjøkken og bad. Leigeperiode: heile året.
  • Tverrfjell: Hytta er det gamle våningshuset på garden. Den har sengplassar til 8 personar, to stuer, kjøkken og bad. Leigeperiode: september – juni
  • Tjønndalen: Hytta har sengplassar til 5 personar, stue, kjøkken og bad. Leigeperiode: september- juni

Våre turar går i eit fantastisk fjell-landskap ved randsona av Hardangervidda. Vi tilbyr rundtur, halvdagstur, dagstur og overnattingstur.Vi tilbyr og turar med hundevogn om sommaren.

For meir informasjon om våre turar sjå vår heimeside: www.hundespann.no Du kan og kontakte oss på [email protected] eller tlf. +47 41 51 13 04


Image