Toppturtips frå Rune Aarhus

Rune Aarhus er fødd og oppvaksen i Vinje med jakt, ski og fjell som ein del av oppveksten. Eit stort studielån der det var viktigare å stå på ski enn å stå på eksamen henger med. Fekk til slutt rodd i land ei masteroppgåve i nettopp friluftsliv og har undervegs jobba mykje med ski og skred. Både som tilsett i turistforeninga, men også som kursholdar og instruktør for folkehøgskular, høgskular, turlag, skisenter og andre. Er også utdanna veileder i skred i Norsk Fjellsportforum og instruktør på ski og klatring. Bur nå i Øyfjell i Vinje med kone og tre barn og brukar naturen aktivt både i fritid og jobbsamanheng. Nå driv han Gygra AS saman med tindevegleder Torolf Eid frå Bø. Gygra AS er godkjent arrangør av skredkurs på høgste nivå og har kurs både for dei som er heilt ferske eller for dei som skal bli instruktører. Dei fleste av kursa blir gjennomført i Rauland, Haukeli eller Gausta.

 

Utstyr

Skal ein på topptur så finnes det mange snille turar som er fine å gange med fjellski og fellar på Haukelifjell. Men, ynskjer ein å oppsøke litt brattare terreng så er det alpinski med gåfunksjon, telemarksski eller splitboard som gjeld. Nokon prøvar seg også på trugar med brettet på ryggen. Då er det sjølvsagt ein fordel å ikkje ha for lang anmarsj.

Hugs å sjekke alt utstyret i forkant, det er frykteleg kjipt å stå på parkeringa å ta på fellar som ikkje lenger har lim. Eller ta fram skredsøkaren med batteri frå i fjor, som ikkje er good to go!

Stadig fleire tyr også til randoneeutstyr som er ein alpinbinding med gåfunksjon. Her finnes det eit utall variantar. Om du skal handle nytt utstyr så er det viktig å tenke gjennom at utstyret står i stil til det du skal bruke det til. Det finnes også mykje bra å få tak i på bruktmarknaden. Er du usikker på kva som passer deg, så stikk innom ein sportsbutikk med kompetanse. Der får du ofte god vegleiing. Dagens randoneebindingar og sko er blitt så gode at man ofte kan klare seg med eit par både til heisbasert skikøyring og til toppturen. Typiske skibredder som funkar til det meste, ligg mellom 95 og 105 mm, men det er ingen fasit. Sko er viktig å sjekke at dei passer din binding, her finnes det ulike standarder som man bør vere obs på om man kjøper bruka utstyr. Teleskopstaver er eit must! Feller er også viktig å tilpasse dine ski.

Når det gjeld anna utstyr til toppturen, så er dette det eg vanligvis har med meg i sekken:

  • Hjelm/ goggles
  • ASSS (alltid spade, skredsøker og søkestang)
  • Enkel førstehjelpspakke
  • Speilkompass med hellingsvinkelmåler og kart over området
  • Vindsekk/ fjellduk
  • Litt rep utstyr som tau, strips multiverktøy og tape
  • Solkrem/ solbriller
  • Hovudlykt
  • Niste/ drikke og nokon reserve snackbars
  • Ekstra vottar til nedkøyring og dunjakke
  • Mobiltelefon med varsom/regobs app og 113 app
    (evt ta bilde…)

Turplanlegginga

Planlegginga skjer gjerne i 3 faser. Sjekk ver og føreforhold, snøforhold og ikkje minst få ein oversikt over kven du drar på tur med. Dette bør du ha kontroll på før turen startar. Er for eksempel alle einige om målet med turen? Er det toppen som er målet, er det skiopplevinga som er målet, er det «no pain no gain» eller er det kun for å ha noko å prate om på afterski? Prat litt saman og finn ut av dette. Her kjem også erfaring, utstyr osv inn. Ver ærleg på det du kan og ikkje kan. Dette kan vere heilt essensielt for å unngå å havne i situasjonar der ein utsetter seg for skredfare unødvendig.

På morgonen når ein drar eller på parkeringa ved utgangspunktet, så dra gjerne opp igjen desse punkta. Sjekk dagens skredvarsel, sjå etter teikn på skredfare og tenk over om det er område ein bør halde seg unna.

Skulle ein seinare på turen havne i ein situasjon der ein på nytt vurderar om dette henget er trygt å gange opp, så er det ofte enklare å ta ei avgjerdsle når ein har prata om dette på førehand.

Turen

Ikkje stram skoa når du gjeng og ikkje ha for mykje varme klede på undervegs.

Det er sjeldan ein fordel å gange bratt. Legg sporet slakt så kan du spare mykje energi.

Bytt på å gange fyrst for å «brøyte» Dette gje også alle i gruppa moglegheiten til tenke litt over sporval i terrenget.

Innta nok næring undervegs, hugs at du skal ha overskot gjennom heile turen om noko skulle skje.

Still spørsmål om du er usikker på vegvalet til ho eller han som gjeng fremst, kvifor gjeng du her? Tving alle til å tenke, det lærer ein av!

Ned igjen så er det viktig å spenne skoa godt og ta ned teleskopstavene. Gjer klare avtaler med trygge stoppepunkt og køyr ein og ein av gangen.

I løpet av vinteren vil me leggje ut nokre tips som Rune anbefalar til toppturar i Haukeliområdet, følg med!

GOD TUR!