Førpremiere på filmen "Fuglane"

Viper Film AS har i samarbeid med Vinje kommune, Telemark Fylkeskommune og regissør Anders T. Andersen, mannen bak TV-serien «Berlinerpoplene» og suksessførestillinga «Lazarus» på Det Norske Teater, produsert spelefilmen «Fuglane» med ei rekke av landets fremste skodespelarar på rollelista; Andrine Sæther, Henrik Rafaelsen, Nils Sletta, Stein Winge, Kristin Grue, Jan Sælid og Fridtjov Såheim.

Filmen har blitt spelt inn på fleire forskjellige locations i Vinje, og hadde ikkje vore mogleg utan eit enormt lokalt engasjement og god hjelp frå lokale statistar. Vinje kommune, Telemark Fylkeskommune og andre lokale sponsorer har med økonomisk stønad vore heilt avgjerande for å kunne realisere produksjonen.

Prosjektet er ei unik filmatisering av romanen frå A til Å, i svart-kvitt og på nynorsk. Målet er å styrke Tarjei Vesaas sitt forfattarskap og fortrinnsvis lyfte opp eit av hans viktigaste verk og aktualisere det i eit moderne kulturperspektiv. Dette er fyrste gong «Fuglane» blir filmatisert på norsk, og fyrste filmatisering av Vesaas på over 25 år. Spelefilmen får verdspremiere i New York 29. oktober, vidare fylgjer ein nasjonal premiere i Oslo november 2019.

Men aller fyrst får filmen ei eksklusiv førpremiere under Litteraturdagane i Vinje 25. august med mottaking, raud løpar, filmvisning og panelsamtale med filmskaparane. Og det er enno mogleg å sikre seg billettar til arrangementet på ebillett.no/vinjekommune

Om regissøren:

Anders T. Andersen (f. 7. oktober 1966 i Tønsberg) er ein norsk regissør, forfattar og skodespelar. Anders kjem opphavleg frå Tønsberg og er utdanna ved The Arts Educational Drama Schools i London.

Sidan 2000 har Anders T. Andersen vore tilsett som skodespelar ved Nationaltheatret, der han debutera som Lyngstrand i Ibsens «Fruen fra havet». Han har blant anna tolka Hamsuns hovudperson i dramatiseringa av «Sult» i samband med Hamsun-jubileet og som Mefisto i Goethes «Faust». Andersen sto bak TV-serien «Berlinerpoplene» etter Anne B. Ragdes roman. Serien vann tre priser under Gullruten-utdelinga 2008, og Andersen tok også i mot Prix Italia for beste dramaserie, og kom på andreplass i Prix Europa i Berlin same pr. Han vann også klassa «beste regi» av serien under fagprisutdelinga til Gullruten 2009.

Anders T. Andersen var i åra 2007 – 2009 ein del av Torshovteatrets kunstnariske leiing og debutera som teaterregissør i 2008 med stykket «Verdiløse menn», skrevet av Christopher Nielsen. Teaterstykket blei kåra til tiårets beste førestilling av VG.

Andersen medverka også i Nielsens animasjonsserie «To trøtte typer» og animasjonsfilmen «Slipp Jimmy fri». Samarbeidet med Christopher Nielsen fortsatte i 2010 med førstillingane «Hustyrannen», «Entropi» og «Holocaustmusikalen» på Nationaltheatret. Han står også bak suksess forstillinga «Lazarus» på Det Norske Teater skreve av blant anna David Bowie.

Andersen har satt i scene ei rekke romanar og teaterstykke på landets leiande institusjonsteatre, blant anna «Om våren» av Karl Ove Knausgård på Rogaland Teater og «Kimen» av Tarjei Vesaas på Det Norske Teater.

I januar 2010 debutera Anders T. Andersen som forfattar med romanen «Thomas Olsens første verdenskrig» på Aschehoug forlag. Frå 2010 til 2015 var Andersen kunstnarisk leiar for Teater Ibsen.

Anders T. Andersen er også kjent som skodespelar i TV-serier som «Ung og lovende», «Mamon» m.m.

I 2019 debuterer Andersen som spelefilmregissør med filmen «Fuglane» basera på Tarjei Vesaas prisløna roman med same namn.