Råd frå Fjellveterinæren ang. sjukdomsutbrot på hund

Me hjå Fjellveterinæren får mange telefonar og førespurnader angåande sjukdomsutbrotet på hund her i Noreg. Per i dag viser me til Mattilsynet eller Veterinærinstituttet for oppdatert informasjon.

Me har ikkje fått inn tilfelle av hundar med symptom på denne sjukdommen per i dag. Oppkast og diarè er vanlege symptom på magetrøbbel og er i utgongspunktet ikkje noko ein treng å vere veldig redd for dersom hundens allmenntilstand er fin.

Grunna tidsaspektet på sjukdomsforløpet til hundane me les om i media, rådar me no folk til å ha litt lågare terskel med å ta kontakt ved liknande symptom. Hundane som har blitt råka av denne sjukdommen har blitt svært sjuke på usedvanleg kort tid.

Her oppe er det store avstandar mellom veterinærkontora. Difor må de som eigerar ikkje nøle med å ta kontakt dersom de ser oppkast/diarè (spesielt med blod) i samband med redusert allmenntilstand på hunden. Me har vakttelefon de kan nå oss på heile døgnet. Telefonnummeret er 48 08 95 91.

Ring oss gjerne før du kjem til klinikken med ein hund med oppkast/diarè. La hunden sitte i bilen når du kjem, så skal me få den inn på eit tilpassa behandlingsrom for undersøking.

Ellers rådar me alle til å følge Mattilsynet sine råd for å unngå smitte:

  • Begrens nærkontakt med andre hunder.
  • Ansamlinger av hunder bør unngås.
  • Ikke la hunden hilse eller snuse på andre hunder på tur.
  • Unngå at hunden snuser mye i grøfta hvor andre hunder har vært.
  • Dra raskt til veterinæren hvis du oppdager blodig eller sprutende diaré, oppkast og raskt svekket allmenntilstand hos din hund.
  • Ring veterinæren før du tar med deg hunden din på klinikken.
  • Følg vaksineanbefalingene veterinæren gir. Parvoviruset kan for eksempel gi alvorlig tarmbetennelse.