lørdag 21. september, kl 11:00

Open dag på brannstasjonen i Haukeli!

Laurdag 21. september 2019 kl. 11.00 – 14.00 inviterar Vinje brann og beredskap til open dag på brannstasjonen i Haukeli. Adresse: Industrivegen 28. 

Det blir kunnskapsløype, utstilling av brannbilar (og kanskje moglegheit for å køyre brannbil òg!), vaffelsal og andre hendingar!

Me lovar ein laurdag litt utanom det vanlege, velkomne skal de vera!

Open dag på brannstasjonen gjev oss høve til å kome ut med ein viktig brannførebyggande bodskap, no som me går inn i den tida på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar.

Open brannstasjon avrundar Brannvernveka 2019. Denne dagen vil det vera aktivitet på over 350 brannstasjonar over heile landet.

 

Vinje brann og beredskap

 

 

Datolørdag 21. september
Tidspunktkl 11:00 - 14:00