Litteraturdagane 2021: program søndag

Litteraturdagane i Vinje

Dei fyrste Litteraturdagane blei arrangert i oktober 2001, etter initiativ frå bygdefolk i Edland med Ragnvald Christenson i spissen. Litteraturdagane var då eit samarbeidstiltak mellom Sullamrei Historielag, Haukeli Husflidslag, Vinje Mållag, Telemark Mållag, Vinje kommune og Telemark Fylkeskommune. Festivalen fekk etterkvart eit eige styre og mange dugndastimar har blitt lagt ned.

Vinjesenteret og litteraturdagane

I 2017 blei det gjort avtale mellom medlemslaget i Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum om at Nynorsk kultursentrum og Vinjesenteret skulle overta og vidareutvikle Litteraturdagane i samarbeid med medlemslaget.

Litteraturdagane er slik dei starta ein liten festival med fokus på litteratur med innslag av annan kultur og enkel, lokal matservering. Festivalen har tradisjonelt vore på ulike arenaer i kommunen, dette vil ein freiste å fortsetje med, men med det nye Vinjesenteret på plass og Nynorsk kultursentrum som arrangør er det naturleg at festivalen moglegvis vil finne ei litt annleis form, samtidig som me ynskjer å halde på det intime og lokale.

Sundag 29. august

Vinje kyrkje

11.00–12.00 Festivalgudsteneste

Edland samfunnshus

12.00–13.00 Kaffi og kakur

13.00–14.00 Europearen Vinje – Foredrag av A.O. Vinje-vitaren Jon Severud

14.00–15.00 Avslutningskonsert

The event is finished.

Når

29 aug 2021
Expired!

Tidspunkt

11:00 - 15:00
nn_NO