lørdag 28. august, kl 10:30

Litteraturdagane 2021: program laurdag

Litteraturdagane i Vinje

Dei fyrste Litteraturdagane blei arrangert i oktober 2001, etter initiativ frå bygdefolk i Edland med Ragnvald Christenson i spissen. Litteraturdagane var då eit samarbeidstiltak mellom Sullamrei Historielag, Haukeli Husflidslag, Vinje Mållag, Telemark Mållag, Vinje kommune og Telemark Fylkeskommune. Festivalen fekk etterkvart eit eige styre og mange dugndastimar har blitt lagt ned.

Storegutprisen

Utdeling av Storegutprisen blei ein del av festivalen i 2002, dette også etter initiativ frå Christenson. Prisen blir delt ut til den som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

I 2017 blei det gjort avtale mellom medlemslaget i Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum om at Nynorsk kultursentrum og Vinjesenteret skulle overta og vidareutvikle Litteraturdagane i samarbeid med medlemslaget.

Litteraturdagane er slik dei starta ein liten festival med fokus på litteratur med innslag av annan kultur og enkel, lokal matservering. Festivalen har tradisjonelt vore på ulike arenaer i kommunen, dette vil ein freiste å fortsetje med, men med det nye Vinjesenteret på plass og Nynorsk kultursentrum som arrangør er det naturleg at festivalen moglegvis vil finne ei litt annleis form, samtidig som me ynskjer å halde på det intime og lokale.

Laurdag 28. august på Edland samfunnshus

10.30–11.00 Tarjei Vesaas debutantpris – Samtale med årets vinnar Karoline Brændjord

11.15–12.00 Vesaas og verda – Om omsetting av Tarjei Vesaas til tysk, fransk og japansk.

12.00–13.00 Lunsj

13.00–13.45 Reint Litterært – Samtaler med Brit BildøenMarie Tveiten og Kristin Tveiten

14.00–15.00 Halldis Moren Vesaas-foredraget

15.00–15.45 Utdeling av Storegutprisen

Laurdag 28. august på utescene ved Vinjesenteret

19.00–19.45 Munnrapp – Samtale om språk i rap og hiphop

20.00–21.30 The Northern Belle

22.00–23.30 Stein Torleif Bjella

Datolørdag 28. august
Tidspunktkl 10:30 - 23:00