Konsert: Vårvinden

Konsert med Ragnhild Furholt og ensemble

Med CD-utgjevinga «Vårevinden» (2018) opna Ragnhild Furholt Trio dørene til den blomstrande folkesongen på Agder. I dette landskapet kling dei velkjende balladane «Rosensfolen» og «Nøkken», men også nystev, alvorstunge salmar, glade og triste kjærleiksviser, barneregler og ikkje minst eit vakkert brureslag frå Ragnhild sin heimekommune Songdalen, «Når vårevinden suser».

I konserten syng Ragnhild saman med eit ensemble som set farge på dei små løyndomane i musikken og tekstane i den vest-egdske folkesongen. Vokalen klingar side om side med sekkepiper, trøorgel, klarinett, meråkerklarinett, langeleik, hardingfele og munnharpe, gitar og kalimba.

Velkomen til ein vinterkonsert med intens vårlengsel!

Medverkande:
Ragnhild Furholt – vokal
Anders Erik Røine – gitar, langeleik, hardingfele og munnharpe
Elisabeth Vatn – trøorgel, klarinett, meråkerklarinett og kalimba
Inngang kr. 200,-/kr.150.- for medlem i Folkeakademiet
Turneen er frå Telemark Folkemusikksenter

The event is finished.

Når

11 jan 2020
Expired!

Tidspunkt

17:00 - 18:30

Stad

Vinjehuset, Åmot
nn_NO