fredag 23. august, kl 21:00

Diktarpub

Etter “Oppdrag Mottro” held fredagskvelden fram på Vinje bryggeri. Det blir lokale (og nasjonale) heltar, det blir prisløna diktarar, det blir sjarmtroll på torader – og det blir doggfriskt, lokalt tilvirka øl. Odd Nordstoga, Erlend Kaasa, Knut Tore Bratland, Erlend Nødtvedt, Marit Eikemo og Frynsegodene kjem. Hjarteleg velkomen til deg også!

Fri inngang for dei med festivalpass.
Øvrige billettar sel vi i døra.

Arrangementet er ein del av Litteraturdagane i Vinje – meir om litteraturdagane 23.-25. aug finn du her.

Datofredag 23. august
Tidspunktkl 21:00