fisking

Fiske

I områda rundt Haukeli og Haukeliseter finst det gode moglegheiter for fiske!

Her ligg fiskevatna som perler på ei snor, og Haukeli-området byr på noko av det ypperste høgfjells-sportsfiske ein kan finne i Sør Noreg

Oversikt Fiskevatn – Vågslid Grunneigarlag

Oversikt Fiskevatn – Edland, Tveitevatnet og Grungevatn

Det er mest aure du finn i vatna, men i Totak kan du òg finne røye. Fisken er av høg kvalitet, delikat og raud i kjøtet. Dei fleste vatna har bra med fisk, alt frå 150 gram til 1500 gram.
Om du fiskar med sluk, spinnar, fluge eller makk, vil du alltid finne ein stad der tilhøva er akkurat slik dei skal vere!

På Vågslid finn du eit høgfjellsterreng på meir enn 130 000 mål, 800-1600 m.o.h. Her ligg omlag 70 vatn og tjønn innanfor eitt fiskekortområde.

Her finn du noko av det fremste fjellfisket i Sør-Noreg, særleg dersom du er viljug til å gå litt. Terrenget er lettgått og vakkert. Nokre stader er det rydda og merka stiar, istandsette bruer og klopper, samt restaurerte kulturminne. Det er elles eit flott fiskevassdrag heilt inntil europavegen, i ei strekning over 20 km.
Prisar på fiskekort i dette området er:
Dagskort: kr. 80,-
Vekekort: kr. 300,-
Årskort: kr. 600,-

For dei som likar å fiske på isen, er dei store vatna ei kjelde til mat og trivsel heile vinteren. Om våren er fisket særs godt etter isløysinga, d.v.s. tidleg i juni. Høgare til fjells vil isen vanlegvis liggje til omlag 20.juni, og ofte lenger.

Fiskesesongen er god frå juli og ut september.

Kjelaelva byr på gode fiskemogeleigheiter

For meir info om fiske og fiskekort sjekk inatur.no 

SKIT FISKE!

Oversikt Fiskevatn – Vågslid Grunneigarlag

Oversikt Fiskevatn – Edland, Tveitevatnet og Grungevatn

Facebook
Twitter
Email
Print
en_GB