Sør-Noreg rundt over Haukeli har mykje å tilby!

Facebook
Twitter
Email
Print

Sør-Noreg rundt over Haukeli har alt å tilby. 

Eg gav ut magasinet Haukelivegen i nokre år, og det var i arbeidet med Haukelivegen at eg vart klart for han kor sentral Haukelivegen og Setesdalsvegen er for trafikken i Sør – Noreg. Desse to vegane gjer det mogeleg å laga til mange flotte turar rundt om i Sør – Noreg.

Dei fem fylka Telemark, Hordaland, Rogaland, Aust- og Vest- Agder som utgjer denne regionen kan tilby dei reisande ein fullkomen Noregstur, med flatbygdene på austlandet, høgfjellet og fjordlandskap, med kystlandskap mot Jæren og vidare mot Sørlandet.
Mellom Haukelivegen og kysten er det mange dalføre som kan gje dei reisande mange flotte opplevingar. Det som er så bra med denne regionen, er at den kan opplevast fullt ut, kor dei reisande byrjar på turen.

Denne Noregsturen kan gje dei reisande mange flotte naturopplevingar, men dei vil og møte mange interessante menneske i bygdane og byane rundt om, som vil gje dei ei oppleving for livet.

 Nasjonale turistvegar

Me snakkar her om den gamle vegen over Seljestadfjellet og Haukelifjell i tillegg til Telemarkskanalen.
Dette er eit unikt nasjonalt reiselivsprodukt.
Telemarkskanalen og vegen over Haukelifjell vart ferdig samtidig  ca 1898 og var den kortaste og beste vegen mellom aust- og vestland, og er framleis spesiell. Dette er eit unikt produkt for det er ikkje noko liknande i heile landet.

Kulturhistorie er viktig når ein skal samarbeide, og mange av desse områda/bygdene har ein felles kulturhistorie som skriv seg frå den tida det ikkje var køyrevegar, men vandrevegar tvers over fjell og mellom dalar. Som eit døme kan nemnast at det var lettare for øvre Vinje og øvre Setesdal å få tak i mat så som mjøl, korn og salt frå Hylen ( i Suldal kommune) enn å hente det i Kristiandsand/Skien. Slik var det på den tid

Eg ser for meg at heile Sør-Noreg er eit reiselivsområde, å reise rundt her er ein fantastisk Noregstur, som har mykje å tilby.

Skrive av
Ragnvald Christenson
Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
en_GB